«Preservation» er ein song skriven av Ray Davies og framført av The Kinks i 1974. Songen kom berre ut på singel, sjølv om han var knytt til dei to Preservation-albuma. Han kom ikkje ut på nokre av desse albuma før han kom ut som bonusspor på CD-utgåva av Preservation Act 1.

Tekst og musikk

Teksten til «Preservation» er i hovudsak ei oppsummmering av dei to Preservation-albuma. Musikalsk opnar songen med eit gitarriff og vert framført i ein rockesstil, sungen av Ray Davies. Mot slutten av songen kjem ein kvinneleg korvokal inn.

Utgjeving

«Preservation» vart gjeven ut på singel i USA med B-sida «Salvation Road», avslutningssporet på Preservation Act 2. Singelen selde dårleg og gjekk ikkje inn på singellista. Han kom ikkje ut i Storbritannia før han kom ut som bonusspor på CD-utgåva av Preservation Act 1 frå 1998. I motsetnad til dei fleste andre bonusspora på Kinks-albuma vart han plassert først på plata, som opningssporet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Preservation (song)» frå , den 24. april 2018.

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:RCA Records-singlar