«Pressure» er ein song av The Kinks på albumet Low Budget frå 1979. Songen vart skriven av Ray Davies.

Tekst og musikk

Teksten handlar om at songaren har «press på seg» og at det er «smittsamt». Han forklarer så korleis og kvar du kan få det. Han seier så at han gløymer presset når han er med kjærasten sin.

Songen er ein rask hardrocksong med kall- og svar-vokal. Songen vart populær på konsertane til The Kinks på denne tida.

Utgjeving

«Pressure» vart gjeven ut på singel i Storbritannia og Frankrike seint i 1979. I Storbritannia kom han med B-sida «National Health» og i Frankrike med «A Gallon of Gas». Det var den siste singelen frå albumet. Han selde for dårleg til å nå singellistene i desse landa. Eit år seinare kom songen ut på konsertalbumet One for the Road. Denne versjonen vart spelt inn i Providence Civic Center i Providence i Rhode Island den 23. september 1979.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pressure (The Kinks song)» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Arista Records-singlar