«State of Confusion» er ein song skriven av Ray Davies og først gjeven ut av The Kinks som tittelsporet på albumet State of Confusion i 1983. Sjølv om han ikkje vart gjeven ut på singel i USA nådde han 26. plassen på Billboard si Hot Mainstream Rock Tracks-liste. Han vart gjeven ut på singel i Europa.
Tekst Teksten til «State of Confusion» omhandlar forskjellige ting som frustrerer songaren. Blant desse finn ein tekniske ting som sviktar, som eit fjernsyn, ein klestørkar og ein videospelar som vert øydelagd. I tillagg er det problemar i heimen som at kjellaren vert fyllt med vatn, tremark på loftet og taket som kollapsar. I tillegg forlet kjærasten hans han når videospelaren vert øydelagd. Songen endar med at songaren ikkje klarar å sove på grunn av pengeproblem.
Innspeling «State of Confusion» vart spelt inn i Konk Studios i London i mars 1983, seint i innspelingsprosessen for albumet. Songen erstatta den originale tittelen som var tenkt for albumet, «Entertainment.»
Musikkvideo The Kinks filma ein video for MTV for songen. Videoen syner Davies som møter forskjellige frustrasjonar både heime og i platestudio. Somme av frustrasjonskjeldene i videoen er ikkje dei same som i teksten.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «State of Confusion (song)» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple Kategori:Songar frå 1983