«Living on a Thin Line» er ein song skriven av Dave Davies og framført av The Kinks i 1984 på albumet deira Word of Mouth.
Bakgrunn
«Living on a Thin Line» er ein av to songar på Word of Mouth skriven av Dave Davies (den andre er «Guilty»). I biografien sin Kink, sa Davies at songen var inspirert av den lange og vanskelege karrieren til The Kinks og hatet hans mot politikarar.
Utgjeving
«Living on a Thin Line» kom først ut på Word Of Mouth, men vart sidan gjeven ut på ein 12-tommars singel for radio (med B-sida «Sold Me Out») i Amerika, og sidan på mange samlealbum, som Come Dancing with the Kinks, Lost & Found (1986-1989), The Ultimate Collection og Picture Book. Songen er òg blitt spelt på konsertar av både The Kinks og Dave Davies.
Sjølv om songen ikkje vart ein kommersiell suksess, vart han ein favoritt blant fansen. Songen vart spelt tre gonger i ein episode av The Sopranos i 2001 i episoden «University». Produsenten Terence Winter har sagt at det var den songen i serien folk spurte mest om. Songen vart òg spelt i siste episode av HBO-serien Vice Principals.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Living on a Thin Line» frå , den 28. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar skrivne av Dave Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Arista Records-singlar