«Lost and Found» er ein song av The Kinks på albumet Think Visual frå 1986. Han var skriven av Ray Davies.

Tekst

Teksten på «Lost and Found» skildrar eit par i New York City som mistar kvarandre då ein orkan råkar området. Midt under uvêret finn dei kvarandre att.

Utgjeving

«Lost and Found» kom først ut på albumet Think Visual i november 1986. Songen vart gjeven ut på singel i både Storbritannia (som den andre singelen) og Amerika (som den tredje singelen). Sjølv om han ikkje nådde Billboard Hot 100 eller UK Singles Chart, nådde han 37. plassen på Mainstream Rock-lista i USA, like hgt som «Rock 'n' Roll Cities», den første singelen frå albumet.

Musikkvideo

Det vart laga ein video (med The Kinks) for å marknadsføre «Lost and Found». I videoen spelar eit orkester songen med medlemmar av The Kinks, medan ein ser ein film i bakgrunnen. Ray Davies har på seg gammaldagse klede.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lost and Found (The Kinks song)» frå , den 28. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1986 Kategori:MCA Records-singlar