The Kingsmen Volume 3 er det tredje studioalbum av rockebandet The Kingsmen, gjeve ut i 1965.

Utgjeving og mottaking

Det tredje albumet til The Kingsmen inneheld «The Jolly Green Giant», ein humørfullt singel som nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 og 25. plassen på Billboard R&B-lista, i lag med fleire andre R&B-klassikarar og eit par coverlåtar av The Wailers. Som med det førre albumet, vart det lagt på publkumsstøy på somme songar for å gje inntrykk av at det var konsertopptak. Albumet selde godt på grunn av populariteten til singelen «The Jolly Green Giant», og gruppa heldt særs mange konsertar. Albumet låg 18 veker på Billboard Top LPs frå 20. februar 1965 og nådde 22. plassen.

Albumet kom ikkje ut i Storbritannia. I 1993 gav Sundazed og Bear Family ut albumet på CD med bonusspora «Since You Been Gone», «It's Only The Dog» og «The Wolf Of Manhattan», og utan publikumsstøy. På CD-utgåva vart òg «Jolly Green Giant» flytta frå spor 1 til spor 3.

Innhald

Salslister Liste (1965)PlasseringU.S. Billboard Top LPs22

Medverkande Lynn Easton: vokal, saksofon Mike Mitchell: gitar, vokal Barry Curtis: klaverinstrument, vokal Dick Peterson: trommer, vokal Norm Sundholm: bass, vokal

Teknisk Produsent: Jerry Dennon for Jerden Productions utanom «The Wolf of Manhattan» som var produsert av Paul Tannen Arrangør: The Kingsmen Lydteknikar: Kearney Barton Studio: Audio Recording, Inc. i Seattle i Washington Plateomslag: Mitchell-Morrison, Inc.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Kingsmen Volume 3» frå , den 1. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:The Kingsmen-album