Midnight Ride er det femte studioalbumet til den amerikanske poprockgruppa Paul Revere & the Raiders, gjeve ut av Columbia Records (CS 9308) den 6. mai 1966. Det vart produsert av Terry Melcher og inneheldt den amerikanske hitsingelen «Kicks.» Albumet inneheld òg «(I'm Not Your) Steppin' Stone», ein song The Monkees spelte og fekk ein hit med i 1967.

Albumet er unikt i banddiskografien deira, sidan det inneheld songar skrivne av alle dei fem medlemmane i bandet. Stilmessige endringar og krangling om kven som skulle få sine songar med på albumet, førte til at sologitaristen Drake Levin slutta etter dette albumet kom ut. Albumet markerte òg slutten på forholdet deira med songforlagshuset Brill Building, der «Kicks» og «(I'm Not Your) Steppin' Stone» vart skrivne.

Utgjeving og mottaking Midnight Ride nådde niandeplassen på den amerikanske Billboard 200-lista. 20. mars 1967 hadde albumet seld til gullplate. Musikkritikaren Bruce Eder sa at albumet «markerte høgdepunktet til Paul Revere & the Raiders som ei kjelde til flotte album.»

Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die av Robert Dimery og Michael Lydon.^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. .

I 1986 vart songen «Kicks» spelt av The Monkees på albumet Then & Now... The Best of The Monkees.

Midnight Ride vart nymastra og gjeve ut på ny den 1. februar 2000 av Sundazed Records med bonusspor.

Innhald

Salslister Liste (1966)PlasseringU.S. Billboard 2009

Medverkande Mark Lindsay – solovokal (1, 3-7, 9-11) Drake Levin – sologitar, korvokal, tekst i omslaget Paul Revere – orgel, korvokal, arrangør Phil «Fang» Volk – bassgitar, kor- og solovokal (8), tekst i omslaget Mike «Smitty» Smith – trommer, solovokal (2) Hal Blaine – trommer på «Kicks»

Teknisk Bob Irwin – mastering Terry Melcher – arrangør, produsent Rich Russell – design

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Midnigth Ride (album)» frå , den 2. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff [ Midnight Ride] på Allmusic

Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:Columbia Records-album Kategori:Parlophone-album Kategori:Album produserte av Terry Melcher Kategori:Paul Revere & the Raiders-album