Balintong eller filippinarskjeldyr (Manis culionensis) er ein skjeldyrart som berre finst i Palawan-provinsen på Filippinane.

Filippinarskjeldyr held til i urskog og sekundærskog og i blanda grasområde rundt slike område. Arten er nokså vanleg i det avgrensa utbreiingsområdet sitt, men er truga av jakt for kjøtet og dei høgt verdsette skjela sine.Manis culionensis , A synopsis of the mammilian fauna of the Philippine Islands. The Field Museum. Han er rekna som nokså vanleg nord på Palawan og sjeldnare i sør.

Filippinarskjeldyr skil seg frå den nærskylde arten malayskjeldyr (Manis javanica), men har mindre skjel og kortare hovud. Han har fleire skjelrekkjer enn nokon av dei andre skjeldyra frå Asia.

Kjelder

Kategori:Skjeldyr Kategori:Dyr på Filippinane Kategori:Palawan