Svinehjortar (Axis) er ei biologisk slekt av hjortedyr (Cervidae) som lever i Sør- og Søraust-Asia.

Svinehjortane har kroppslengder på mellom 1,1 og 1,75 meter og skulderhøgder på 60–100 cm. Dei veg frå 27 til 110 kg.Leonard Lee Rue III: The Encyclopedia of Deer. Voyageur Press, Stillwater 2003, ISBN 0-89658-590-5 Halen er relativt lang, 13 til 38 cm, og buskete med ei kvit underside. Pelsfargen til alle dyra er raudbrun. Dei har kvit strupe og underside, og i nokre høve kvite prikkar.

Hannane har gevir med opptil tre takkar. Gevira er særmerkte ved at dei bøyer seg bakover mot ryggen og deretter framover att. Dei kan ha to gaffeltakkar i enden og ein mindre takk lengre nede.

Fostertid for alle artane ligg på rundt 220–230 dagar, og dei får som regel berre ein unge.

Artar Slekta er delt inn i fem artar:Colin Groves und Peter Grubb: Ungulate Taxonomy. Johns Hopkins University Press, 2011, S. 1–317 (S. S. 71–107) aksishjort eller chital (Axis axis) Axis porcinus-gruppa, som også blir kalla underslekta Hyelaphus (føreslått som eiga slekt av nokre biologar) indokinasvinehjort (Axis annamiticus) svinehjort (Axis porcinus) Kuhls hjort eller baweansk svinehjort (Axis kuhlii) calamiansvinehjort eller filippinsk svinehjort (Axis calamianensis)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Axishirsche» frå , den 21. mai 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hjortedyr