«We All Stand Together» (stundom kalla Frog Song eller Frog Chorus) er ein song av Paul McCartney and the Frog Chorus.
«We All Stand Together» kjem frå animasjonsfilmen Rupert and the Frog Song og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart i 1984. «Frog Chorus» vart spelt inn lag med korgruppa King's Singers og koret frå St Paul's Cathedral. Fløyta vart spelt av Elena Durán. B-sida til singelen bestod «Humming Version» av songen framført av McCartney and the Finchley Frogettes.
Songen gjekk inn att på den britiske singellista eit år seinare i 1985, ein av tre hittar frå desember 1984 som klarte dette («Do They Know It's Christmas?» av Band Aid og «Last Christmas» av Wham! var dei to andre).
Medverkande Paul McCartney – solo- og korvokal, arrangør The King's Singers og koret i St Paul's Cathedral – korvokal George Martin – arrangør Elena Durán – fløyte Kenneth Sillito – orkesterarrangement Geoff Emerick – lydteknikar
Choirs with Purpose-versjonen
I 2017 gav Choirs with Purpose, ei samling av fleire veldedige kor, ut ein versjon av «We All Stand Together». Dei hadde med seg den skotske songaren Michelle McManus i eit forsøk på nå toppen av UK Singles Chart foor juleveka i 2017.OfficialCharts.com: Official Christmas Number 1 2017: The contenders - The race for the biggest chart battle of the year is underway - here's who is in line to claim this year's Christmas Number 1
Kjelder Denne artikkelen bygger på «We All Stand Together» frå , den 22. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Engelske barnesongar Kategori:Songar skrivne for filmar Kategori:Songar om teikneseriar