mini|Bøllebeistet, illustrasjon frå ungdomsboka Jon Demon frå 2006. mini|Jon Demon og Kona Mona, illustrasjon frå Jon Demon - Toer'n. Reidar Kjelsen () i Molde er ein norsk illustratør og barnebokforfattar.

Reidar Kjelsen vaks opp på Sunndalsøra, i Høyanger frå 1979-1982 og i Vik frå 1982-1986. Han gjekk på Sogndal gymnas i Sogndal frå 1986 til 1989. Kjelsen har utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole der han studerte frå 1990 til 1994. Han er busett i Oslo.

Han har illustrert over 40 barnebøker, skrive fleire av dei sjølv, og teikna til diverse tidsskrift. Mest kjend er nok bøkene om Otto Monster av Jon Ewo og Jon Demon-bøkene av Kjelsen sjølv. Illustrasjonane vert kjenneteikna av forseggjorte detaljar og store overdrivingar, som oftast måla med akrylmaling, men Kjelsen brukar også tusj og blyantteknikkar. Motiva viser gjerne burleske figurar og ville situasjonar.

Når Kjelsen skriv sjølv, liker han å bryta tabu innanfor barneboksjangeren ved hjelp av humor, ironi og ordspel. Historiane hans endar ikkje alltid lykkeleg.

Kjelsen har hatt over 4 000 leselystførestillingar på norske skular og bibliotek, ofte i regi av Den kulturelle skulesekken.

Bibliografi Bøker

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Om Reidar Kjelsen på Cappelen Damm

Denne artikkelen bygger på «Reidar Kjelsen» frå , den 24. mai 2018.

Bakgrunnsstoff Om Reidar Kjelsen i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Reidar Kjelsen: Svinepelsen (offisiell hjemmeside) Cappelen Damm: Kjelsen forteller om seg selv Cappelen Damm om Bertil bestemmer selv VVP Nrk-portrett av Reidar Kjelsen som 19-åring

Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Forfattarar frå Høyanger Kategori:Forfattarar frå Vik