Снова в СССР (transkribert Snova v SSSR, som tyder Attende i USSR igjen); òg kjend som The Russian Album) er det sjuande studioalbumet til Paul McCartney under hans eige namn, opphavleg gjeve ut i 1988 i Sovjetunionen. Albumet består berre av coverversjonar, hovudsakleg gamle rock and roll-songar (liknande John Lennon sitt Rock 'n' Roll frå 1975). Med ein ekstra song i tillegg kom det ut internasjonalt i 1991.

Bakgrunn og innspeling Etter den dårlege mottakinga av det førre albumet hans, Press to Play i 1986, brukte McCartney det første halve året av 1987 på å planleggje det nye albumet sitt. I mars spelte han inn nok songar til eit album med produsenten Phil Ramone, men dette resulterte berre i singelen «Once Upon a Long Ago» med B-sida «Back on My Feet», som berre kom ut i Storbritannia i november det året.Perasi, Luca. Paul McCartney: Recording Sessions (1969–2013 (2013) s. 263

Etter ei rekkje jammar med forskjellige britiske musikarar, der dei spelte somme av favorittsongane hans frå 1950-åra, valde McCartney å spele desse songane live i studio. I løpet av to dagar i juli 1987, spelte McCartney inn tjue songar.Kozinn, Allan. «Smuggling Pop LP's Out of the U.S.S.R., Thanks to McCartney» New York Times 12. januar 1989: C19

Andre songar som vart spelte inn desse dagane, men som ikkje kom med på Melodija-albumet var «I'm in Love Again» (som kom på den seinare internasjonale utgåva) og «I Wanna Cry» (ein original song) som vart B-sida til McCartney-singelen «This One» i 1989, i tillegg til «It's Now or Never» på New Musical Express-albumet The Last Temptation of Elvis i 1990. Ein versjon av Beatles-songen «I Saw Her Standing There» vart òg spelt inn men ikkje gjeven ut.Weiner, Allen. The Beatles: The Ultimate Recording Guide (1992) s. 250

Albumtittelen og omslaget Tittelen «Снова в СССР» er russisk for «Back in the U.S.S.R.», namnet på ein Beatles-song frå 1968. Albumet er òg blitt kalla Back in the USSR og Russian Album.

Plateomslaget vart designa av Michael Ross. Den russiske utgåva inneheld notat skrivne av Roy Carr frå New Musical Express, omsett til russisk.

Utgjeving Albumet kom ut i Sovjetunionen den 31. oktober 1988. Det første opplaget med 11 songar på 50 000 eksemplar vart raskt utseld. Ei ny utgåve med fleire songar kom ein månad seinare.

Kort tid etter utgjevinga byrja albumet å dukke opp for sal utafor Sovjetunionen til prisar frå 100 til 250 amerikanske dollar i USA og opp til 500 pund i Storbritannia. Albumet vart omsider gjeve ut internasjonalt i 1991 og nådde då 63. plassen i Storbritannia og 109. plassen i USA. Tittelen vart då feilskrive СНОВА Б СССР (Б er i det kyrilliske alfabetet ein B i det latinske alfabetet, medan ein B er ein V).

Sjølv om albumet ikkje kom ut på den vestlege marknaden i starten, vart over halvparten av songane gjevne ut som B-sider til singlar frå 1987 til 1989: «Midnight Special», «Don't Get Around Much Anymore», «Lawdy Miss Clawdy» og «Kansas City» kom ut på forskjellige utgåver av «Once Upon a Long Ago», «I'm Gonna Be a Wheel Someday» og «Ain't That a Shame» på «My Brave Face» og den redigerte versjonen av «I'm in Love Again» på «This One»-singelen.

Innhald 11-sporsutgåva

13-spors-utgåva

CD-utgåve

Medverkande

20. juli Paul McCartney – bassgitar, vokal Mick Green – gitar Mick Gallagher – piano Chris Whitten – trommer

21. juli Paul McCartney – gitar, vokal Nick Garvey – bassgitar, korvokal Henry Spinetti – trommer Mick Gallagher – klaverinstrument

Salslister ÅrLandListePlassering1991JapanOricon-lista (Topp 100)48StorbritanniaUK Albums Chart (Topp 75)63USAThe Billboard 200109

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «CHOBA B CCCP» frå , den 23. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Paul McCartney-album Kategori:Musikkalbum frå 1988 Kategori:Parlophone-album Kategori:Rockabilly-album Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Coveralbum Kategori:Melodija-album