mini|Bayreuth Festspielhaus i 2006 Festspela i Bayreuth (tysk ) er ein musikkfestival som blir halden kvart år i Bayreuth i Tyskland med framføringar av verk av komponisten Richard Wagner. Det var Wagner sjølv som kom på og dyrka ideen om ein eigen festival til å visa fram verka hans, særleg den monumentale Ring-syklusen hans () og Parsifal.

Framføringane finn stad i eit særskild utforma teater, Bayreuth Festspielhaus. Wagner sjølv oversåg utforminga og bygginga av teateret, som hadde mange arkitektoniske nyvinningar for å gje rom til dei store orkestera Wagner skreiv for og for visjonane hans om korleis verka skulle framførast. Festspela er blitt ein valfartsstad for Wagner-tilhengjarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bayreuth Festival» frå , den 27. mai 2018.

Kategori:Bayreuth Kategori:Musikkfestivalar Kategori:Festivalar i Tyskland Kategori:Operafestivalar Kategori:Richard Wagner Kategori:Skipingar i 1876 Kategori:Tysk musikk Kategori:Kultur i Bayern