Donkey Kong Country Returns er eit plattformspel utvikla av Retro Studios og utgjeve av Nintendo. Spelet vart utgjeve internasjonalt til Wii i slutten av 2010. Ei utvida utgåve av spelet, titulert Donkey Kong Country Returns 3D, vart utgjeven til Nintendo 3DS i mai 2013.
Historia i spelet fokuserer på ei gruppe av vondkyndte vesen kalla Tikiar, kollektivt kjende som Tiki Tak Tribe, som kjem til Donkey Kong Island og hypnotiserer dyra på øya til å stele bananane til Donkey Kong. Dette pressar Donkey Kong til å hente tilbake bananlageret med hjelp frå kompisen Diddy Kong. Donkey Kong Country Returns var det første tradisjonelle Donkey Kong spelet sidan Donkey Kong Jungle Beat i 2005, og er også det første spelet i Donkey Kong Country-serien som ikkje er utvikla av Rare. Spelet fekk hovudsakleg positive omtalar og har selt over seks millionar kopiar verda over. Ein oppfølgjar, Donkey Kong Country: Tropical Freeze, vart utgjeven til Wii U i februar 2014 og til Nintendo Switch i mai 2018.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nordamerikansk nettstad Offisiell japansk nettstad (på japansk)
Kategori:Dataspel frå 2010 Kategori:Nintendo 3DS-spel Kategori:Plattformspel Kategori:Wii-spel