Ginka Zagortsjeva-Bojtsjeva (bulgarsk: Гинка Загорчева-Бойчева) () er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Rakovski, som vart verdsmeister på 100 meter hekk i 1987, etter tidlegare å ha vunne bronsemedalje i VM 1983 og EM 1986.
Aktiv Zagortsjeva tok seg til finalen på 100 m hekk då Friidretts-EM 1982 fann stad i Aten, der ho enda sist etter fleire dårlege hekkepasseringar. Året etter sikra ho seg bronsemedaljen i øvinga under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, langt bak dei austtyske utøvarane som vann gull og sølv. Tre år seinare vann ho i europameisterskapen 1986 ein ny bronsemedalje på korthekken, i eit løp der landskvinna Jordanka Donkova tok ein suveren fyrsteplass.
Den 8. august 1987 sette Zagortsjeva verdsrekord på 100 meter hekk i Dráma i Hellas med tida 12,25 sekundar. Dermed seglde ho opp som den største favoritten i øvinga i Roma-VM ein månad etter. Med eit løp på 12,34 sekundar innfridde ho og tok gullmedaljen, eitt tidels sekund framom to austtyske utøvarar.
Verdsrekorden til Zagortsjeva gjaldt til Jordanka Donkova forbetra rekorden sommaren 1988. Zagortsjeva la opp etter ho vart nummer seks i korthekktevlinga under 1990-EM i Split.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Nr 8 på 100 m hekk – 13,14 VM 1983 i Helsinki: Bronsemedalje på 100 m hekk – 12,62 EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje på 100 m hekk – 12,70. Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett VM 1987 i Roma: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,34, framom Gloria Siebert (12,44) OL 1988 i Seoul: Braut forsøksløpet EM 1990 i Split: Nr 6 på 100 m hekk – 13,02
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ginka Sagortschewa» frå , den 31. mai 2018.
World Athletics
Kategori:Bulgarske hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Bulgaria Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988