Million Wolde () er ein etiopisk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 5 000 meter i 2000 og VM-sølv på same distansen i 2001.

Aktiv I 1998 vart Wolde juniorverdsmeister på 5 000 meter i Annecy i Frankrike og i 8 km terrengløp i Cape Town i Sør-Afrika. Han sette i august sin endelege personlege rekord på 5 000 m med tida 12.59,3 i eit stemne i Zürich. Året etter vart han åttandemann på 5 000-meteren i Friidretts-VM 1999 i Sevilla.

Høgdepunktet i Wolde si karriere kom under sommarleikane 2000 i Sydney. 5 000-meterløpet gjekk for ein stor del i eit moderat tempo, så då Wolde stakk i tet på 200 m før i mål greidde han lett halde unna for resten av feltet og tok gullet på tida 13.35,4, eit lite sekund framom sølvvinnar Ali Saïdi-Sief frå Algerie og Brahim Lahlafi frå Marokko på bronseplass.

Ved verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton i Canada var Wolde ute av stand til å fylgje Richard Limo, då den unge kenyanaren avslutta med ei råsterk sisterunde på 5 000-meteren. Wolde hadde derimot ingen vanskar med å sikre seg sølvmedaljen i tvelinga.

Sidan var Wolde skadeplaga og fekk ikkje fleire meisterskapsoppgåver for Etiopia, men var likevel aktiv i mange år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Utslått i forsøka på 3 000 m hinder (8.32,7 =nr 26) VM 1999 i Sevilla: Nr 8 på 5 000 m – 13.20,8 OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 5 000 m – 13.35,4, framom Ali Saïdi-Sief (13.36,2) VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.03,4, bakom Richard Limo (13.00,7)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Million Wolde» frå , den 2. juni 2018.

Wolrd Athletics

Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Etiopia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000