Giuseppe Gibilisco () er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Siracusa som vart verdsmeister i stavhopp i 2003 og OL-bronsen i øvinga i 2004.
Aktiv Tiårsperioden 2000-10 kvalifiserte Gibilisco seg oftast til finalen i dei store internasjonale meisterskapane. Etter tiandeplass både i OL 2000 i Sydney og EM 2002 i München melde han seg på i medaljestriden under verdsmeisterskapen i Paris i 2003. I finalen reiv Gibilisco to gongar på 5,75 m. Etter som fire mann hadde klart høgda, prøvde han seg på 5,80 m og lukkast. Sidan gjekk han og tre andre utøvarar over 5,85 m, men som den einaste i fyrste forsøk. Også på 5,90 m svinga han seg over i fyrste forsøk, ny personleg rekord. Då Okkert Brits og Dmitri Markov mislukkast i sine hopp på 5,95 m kunne Gibilisco stige til topps på sigerspallen.
Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 tok Gibilisco leiinga i stavhopptevlinga då han tok seg over 5,85 m i fyrste forsøk. Tevlinga snudde då USA-amerikanarane Timothy Mack og Toby Stevenson begge klarte 5,90 i sine fyrste forsøk. Gibilisco prøvde seg så på 5,95 m, utan å lukkast, noko Mack lukkast med i sitt siste forsøk.
Sidan enda Gibilisco på femteplass i VM 2005 og vart sjuandemann både under EM 2006 og VM 2009. Då EM 2010 fann stad Barcelona tok han seg i sitt andre forsøk over 5,75 m, same høgda som Przemysław Czerwiński frå Polen stoppa på. Ettersom Czerwiński tok høgda i fyrste forsøk måtte Gibilisco ta til takke med fjerdeplassen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Nr 10 – 5,50 m VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa EM 2002 i München: Nr 10 – 5,60 m VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 5,90 m, framom Okkert Brits 5,85 m OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 5,85 m VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 5,50 m EM 2006 i Göteborg: Nr 7 – 5,50 m OL 2008 i Beijing: Nr 12 (5,65 m i kvalifiseringa) VM 2009 i Berlin: Nr 7 – 5,65 m EM 2010 i Barcelona: Nr 4 – 5,75 m VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa EM 2014 i Zürich: Utslått i kvalifiseringa
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Giuseppe Gibilisco» frå , den 3. juni 2018.
World Athletics
Kategori:Italienske stavhopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014