Oppdrag Nord-Norge er ein norsk dokumentarserie som gjekk på NRK. Serien følgjer ni ekstremsportutøvarar som reiser i båt langs kysten av Nord-Noreg, frå Lyngen via Senja, Vesterålen og Lofoten til Steigen. Kari Traa var ein av deltakarane, men var gravid då programmet vart spelt inn og måtte avgrense seg.
Oppdrag Nord-Norge omfattar åtte episodar og vart send første gongen mellom 7. mars 2013 og 25. april 2013. Serien var tilgjengeleg på NRK Nett-TV fram til juni 2015.
Referansar
Kategori:Fjernsynsseriar frå 2010-åra Kategori:Fjernsynsprogram frå NRK Kategori:Norske dokumentarseriar