Torsten Voss () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar og bobkøyrar frå Güstrow i Mecklenburg-Frampommern. Han vart verdsmeister i tikamp i 1987 og tok OL-sølv i same øvinga i 1988. I bobsleigh vart han europameister i firarbob 1998 og 2001 og han vann tre VM-medaljar i øvinga perioden 1995-97. Voss tevla for Aust-Tyskland i friidrett og for det samla Tyskland i bobsleigh.
Friidrett Voss tok sølv i tikamp i junior-VM 1981. Året etter sette han med 8 387 poeng ny juniorverdsrekord, ein rekord som stod i i 34 år. I 1985 vann han europacupen i tikamp i Krefeld. Etter å ha vorte nummer fire i friidretts-EM 1986, langt unna tettaste medaljestriden, presterte han under verdsmeisterskapen 1987 i Roma sitt livs beste tikamp, med 8 680 poeng slo han nestemann, vesttyskaren Siegfried Wentz med over 200 poeng. I Sommar-OL 1988 tok Voss sølvmedaljen etter å ha oppnådd 8 399 poeng, landsmannen Christian Schenk vann med ein margin på 89 poeng.
Voss var austtysk meister i tikamp 1982, 1983, 1987 og 1990.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Braut etter seks øvingar VM 1983 i Helsinki: Nr 7 – 8 167 poeng EM 1986 i Stuttgart: Nr 4 – 8 450 poeng VM 1987 i Roma: Gullmedalje – 8 680 poeng, framom Siegfried Wentz (8 461) OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje – 8 399 poeng, bakom Christian Schenk (8 480)
Bobslede Frå 1994 tevla Voss i bobsleigh. Både i 1995 og 1996 var han med å vinne VM-bronse i firarbob, høvesvis i Winterberg og i Calgary. I 1996 vann han EM-sølv i øvinga i St. Moritz. Vinteren 1997 tok han og lagkameratane Dirk Wiese, Christoph Bartsch og Michael Liekmeier sølvmedaljen i firarbob ved VM i St. Moritz og på bronsen i EM i Königssee. I 1998 vart Voss og lagkameratane Harald Czudaj, Steffen Görmer og Alexander Szelig europameistrar, medan laget hans enda på åttandeplassen under Vinter-OL i Nagano. Der etter vann Voss i firarbob bronse i EM 1999 i St. Moritz, gull i EM 2001 i Königssee saman med Matthias Benesch, Udo Lehmann og Alexander Szelig. Voss la opp etter han og laget tok bronsen i EM 2002 i Cortina d'Ampezzo.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Torsten Voss» frå , den 14. juni 2018.
World Athletics
Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Tyske bobkøyrarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Deltakarar i både vinter-OL og sommar-OL Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Bobkøyrarar under vinter-OL 1998