Bertland Cameron () er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar frå Spanish Town som i 1983 vart den fyrste verdsmeisteren på 400 meter.
Aktiv Cameron vann 400 m i samveldeleikane 1982 i Brisbane med tida 45,89 sekundar. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, som fann stad i Helsinki i august 1983, sprang han inn til gullmedalje på spesialdistansen framom to utøvarar frå USA. I sommar-OL 1984 kvalifiserte han seg til finalen med eit løp på 45,10 sekundar, men ein skade gjorde at han ikkje møtte til finaleløpet.
VM-finalen på 400 m i 1987 måtte Cameron sjå frå tribuneplass, før han i 4 x 400 m stafett sprang Jamaica inn til sjetteplass. Under dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul sette Cameron i semifinalane sin endelege personlege rekord på 44,50 sekundar. I finalen vart han klokka inn på 44,94 og til sjetteplass. Sidan i leikane spurta han på ankeretappen i 4 x 400 m stafett forbi Tysklands Ralf Lübke og sikra det jamaicanske laget sølv i øvinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Utslått i kvartfinalane på 400 m (47,31 =nr 26) VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje på 400 m – 45,05, framom Michael Franks (45,22) OL 1984 i Los Angeles: Stilte ikkje i finalen på 400 m – nr 8 VM 1987 i Roma: Utslått i semifinalane på 400 m (45,19 =nr 10) OL 1988 i Seoul: Nr 6 på 400 m – 44,94. Sølv i 4 x 400 m stafett
Kjelder World Athletics Denne artikkelen bygger på «Bert Cameron» frå , den 21. juli 2018.
Kategori:Jamaicanske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983