Selina Barsosio, kjend som Sally Barsosio, () er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Keiyo som i 1997 vart verdsmeister på 10 000 meter, fire år etter ho tok bronsen på same distansen. Ho er den yngste personen som har vunne ein medalje i eit friidretts-VM.

Aktiv Barsosio var einast 15 år og 5 månader gammal då ho vann bronsemedaljen på 10 000 m under verdsmeisterskapen i friidrett i Stuttgart i 1993, der ho etter målgang fyrst vart diskvalifisert for å ha hindra andre løparar, særleg Elana Meyer som fall ut av løpet. Tida 31.15,3 vart ståande som Barsosios beste på 10 000 meter.

Barsosio hamna lengre nede på resultatlista i dei største meisterskapane dei neste åra. I 1997 tok ho derimot gullmedaljen på 10 000 meter så VM fann stad i Aten, ho vart dermed den fyrste kenyanske kvinna som vann ein global meistertittel i løp på seniornivå. Eit par veker etter VM-sigeren sette Barsosio personbeste på 5 000 meter med tid 14.46,7 i eit stemne i Brussel.

Sidan deltok Barsosio både i 2000 og 2004 i milløpet under sommarleikane, utan å utmerke seg.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje på 10 000 m – 31.15,3 VM 1995 i Göteborg: Nr 11 på 5 000 m – 15.39,5 OL 1996 i Atlanta: Nr 10 på 10 000 m – 31.53,3 VM 1997 i Aten: Gullmedalje på 10 000 m – 31.32,9, framom Fernanda Ribeiro (31.39,1) OL 2000 i Sydney: Nr 17 på 10 000 m – 31.57,4 OL 2004 i Aten: Nr 17 på 10 000 m – 32.14,0

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sally Barsosio» frå , den 30. juli 2018.

World Athletics

Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004