Peder Einar Pedersson Spilling () var ein norsk gardbrukar frå Nord-Audnedal i Vest-Agder som representerte einmannskrinsen Mandalen og partiet Venstre i tida 1916-20. Peder P. Spilling var far hans.
Peder E. Spilling gjekk skogskule på Kongsberg og var frå 1900 skogassistent, hovudyrket var likevel drifta av farsgarden Spilling som han overtok i 1899. Då Vigmostad herad vart oppretta frå 1911 var Spilling medlem i heradsstyret til han døydde, ei tid også ordførar. Som ordførar fekk han fleire verv i amtet, både kva gjaldt skule, vegstellet og bekjempinga av tuberkulosen. Hausten 1915 vart han vald til stortingsmann frå krinsen Mandalen, attvald 1918, trass i at han ikkje møtte 1916-sesjonen, grunna sjukdom. Han døydde sommaren 1920, seks veker før den andre sesjonen i tingbolken 1919-21 var over, og vart erstatta av Gabriel Moseid. På Stortinget var Spilling fyrst medlem i Gasje- og pensjonskomiteen, frå 1919 Vegkomiteen.
Kjelder
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar for Lister og Mandals amt Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Vigmostad Kategori:Venstreordførarar i Vest-Agder Kategori:Folk frå Lindesnes