Fransk litteratur omfattar hovudsakleg verk skrivne på fransk og eldre former av språket. Frankrike har ein ubroten litterær tradisjon som går tilbake til 1100-talet, men byrjinga på eit fransk skriftspråk fann stad allereie på 800-talet.

Opphav Strasbourg-eidane frå 842, som var gjevne av Karl den skalla og Ludvig den tyske, inneheld tekst på latin, gallo-romansk og frankisk, og er rekna som den første teksten på eit romansk språk som ikkje er latin. Eulalia-sekvensen frå rundt 880 er rekna som den første litterære teksten på eit romansk språk anna enn latin. Denne er inspirert av eit latinsk dikt om heilage Eulalia av Mérida, og ender med ei bøn.

Mellomalderen

mini|Side frå Les miracles Nostre Dame av Gautier de Coincy, skrive på vers mellom 1214 og 1236. Denne utgåva er frå 1328-1332.

Dei første litterære tekstane på tidleg fransk er helgenlegender og dikt over bibelske motiv. Desse oppstod i eller kring kloster. Av legendene kan ein framheva Aleksissongen, ein av dei eldste gammalfranske tekstane. Den seinare heltediktinga, les chansons de geste, blei truleg også skapt av geistlege. Emnet for heltedikta er kampen mot dei vantru og truskap mot Gud og lensherren. Rolandskvadet, om Karl den store og den tapre riddaren Roland, er det mest berømte av desse, og er truleg frå byrjinga av 1100-talet.

mini|venstre|Illustrert side frå Livre du cœur d'Amour épris, ein allegorisk roman av René d'Anjou og illuminert av Barthélemy d'Eyck (1457).

Kjærleik utgjer hovudtemaet i dei høviske romanane (les romans courtois). Desse blei også skrivne på vers, men ikkje sungne slik som heltedikta. Ein deler vanlegvis desse inn i tre syklusar: den antikke syklusen med heltar som Alexander og Aeneas, Arthur-syklusen om kong Arthur, riddarane av det runde bord og jakta på den heilage gralen, og Tristan-syklusen, der kjærleiken mellom Tristan og Isolde er hovudtemaet. Fleire av dei mest kjende høviske romanane er tilskrivne Chrestien de Troyes.

Trubadurdiktinga oppstod i Provence, der hoffkulturen blomstra, og breidde seg derfrå til resten av Frankrike og Europa. Denne diktforma nådde eit høgdepunkt i siste halvdel av 1100–talet, med Vilhelm av Poitiers, Jaufré Rudel, grev Raimbaut d'Orange og Bertran de Born som dei viktigaste representantane.

Den første kvinnelege diktaren ein kjenner frå Frankrike var Marie de France (1100-talet), som skreiv fablar og forteljingar på vers (lais). Det oppstod ei rik fabeldikting, satirisk-didaktiske forteljingar om dyr, der den best kjende er Le Roman de Renart ('Reveromanen'). Les fabliaux er muntre forteljingar på vers, ofte erotiske og fulle av utfall mot adelsmenn, prestar og munkar. På 1200-talet slo den allegoriske diktinga gjennom, der abstrakte omgrep opptrer som personar. Hovudverk frå denne tida er Le Roman de la Rose, som består av to svært ulike delar, skrivne av høvesvis Guillaume de Lorris og Jean de Meung.

Dramaet utvikla seg frå kyrkjeleg kultus, der ein ønskte å illustrera bibelsoga. Det blei oppført liturgiske drama i sjølve gudshuset, etterkvart blei det også spelt religiøse stykke utanfor kyrkja som blei kalla «mysterium» og «mirakel». Mysteriespela kunne vera enorme verk på opptil 45 000 verselinjer. Slike stykke blei spelt i Frankrike frå 1100-talet, men dei fekk særskild utbreiing og popularitet på 1400- og 1500-talet. Moralitetane var allegoriske og moraliserande spel, både alvorlege og av lettare art. På 1200-talet skreiv Adam de la Halle Robin et Marion, som er blitt kalla det første komiske syngespel. Farsar og soties hadde ofte eit politisk poeng, som Advokat Patelin frå 1400-talet.

I overgangen mellom mellomalder og renessanse trer ein del individuelle diktarpersonlegdommar klarare fram. Hertug Charles d'Orléans skreiv kjærleiksdikt prega av smak og raffinement. François Villon sin lyrikk er særs personleg, og speglar eit splitta sinn. Clement Marot sin poesi er lett og elegant, men samstundes prega av ideal frå protestantismen.

Renessansen og barokken mini|Dikt til ei flaske av Rabelais. Under Ludvig XII og Frans I var Frankrike sterkt påverka av italiensk åndsliv. Italienske lærarar kom til Frankrike, ein studerte veltale, estetikk og gresk. Dei humanistiske disiplinane blei utvikla uavhengig av teologien og ofte trass i protest frå kyrkja. Greske bøker blei gjevne ut i Paris og Lyon. Frans I stimulerte dei nye studia, gav ordre om omsetjingar av antikke verk og grunnla Collège de France i 1530, der det blei undervist i gresk, latin og hebraisk. Det fekk også stor tyding at han lét fransk overta for latin som det offisielle språket for administrasjonen. Lyon ble eit sentrum for litteratur og lærdom. Fremst blant dei lærde stod gresk-filologen Guillaume Budé (1468–1540) og Jacques Amyot, som omsette Plutark. Den viktigaste diktaren frå Lyon-skulen er Maurice Scève; men også dei kvinnelege diktarane Pernette du Guillet og Louise Labé gjorde seg gjeldande.

Dei leiande prosaforfattarane under renessansen var François Rabelais og Michel de Montaigne. Montaigne skapte essay-forma, og framstår både som stoisk idealist og skeptisk livsnytar.

Slutten av 1500- og byrjinga av 1600-talet er tida for den barokke litteraturen i Frankrike. Blant dei mest kjente diktarane kan ein nemna Jean de Sponde, Théophile de Viau, Girard de Saint-Amant, Tristan l'Hermite (1601–55) og Pierre Le Moyne. På denne tiden utvikla den presiøse diktinga seg, og det oppstod ei rekke litterære salongar. I salongane spelte kvinnene ei sentral rolle, og ein diskuterte moralske og sosiale spørsmål på ein fordomsfri måte. Eit av dei litterære laga som stod i opposisjon til dei presiøse blei gjeve statleg vern av Richelieu og omdanna til L'Académie Française i 1635. Her blei det utforma eit syn på litteraturen som peikte frem mot den franske klassisismen. Honoré d'Urfé sin hyrdingroman L'Astrée fekk stor påverknad både på livet i salongane og på den vidare utviklinga av fransk litteratur.

Klassisismen mini|venstre|Illustrasjon til Andromaque (1667) av Jean Racine, i ei utgjeving frå 1676.

1600-talet blir ofte kalla le grand siècle ('det store hundreåret') i fransk kultur. Diktarane i denne perioden forma den franske klassisismen ved å distansera seg frå barokken og følgja ideal foma av klarleik, naturlegheit og måtehald. Forfattarane byrja studera litteratur frå antikken att, ikkje minst dei teoretiske skriftene frå antikken, som Aristoteles og Horats. Den rasjonalistiske filosofien til René Descartes var med på å leggja grunnlaget for den vitskapleg blomstringa i samtida. I Pensées uttrykte Blaise Pascal spaningstilhøvet mellom truslivet, fornufta og det mennesket er tilbøyeleg til. François de Malherbe var eit førebilde for dei klassisistiske diktarane. I lærediktet L'Art Poétique oppsummerte Nicolas Boileau prinsippa som låg til grunn for klassisismen.

Klassisismen var ei stordomstid for fransk teater. Strenge reglar utforma av teoretikarar som Jean Chapelain og François d'Aubignac viste seg å vera fruktbare. Tragedieforfattarane Pierre Corneille og Jean Racine er blant dei største namna innan europeisk dramatikk. Skaparen av den klassiske komedien var Molière, som mellom anna fekk stor tyding for dansk-norske Ludvig Holberg.

Også andre sjangrar var rikt representerte; ein hadde moralistar og karakterskildrarar som Nicole, La Rochefoucauld og La Bruyère, memoarforfattaren Saint-Simon og Madame de Sévigné, som skreiv brev av høg litterær kvalitet. Dyrefablane til La Fontaine blir framleis lesne. Madame de La Fayette sine nyskapande romanar er prega av psykologisk realisme og av eit pessimistisk syn på mennesket og kjærleiken. Teologar som Jacques Bossuet og François de Fénelon har også plass i fransk litteratur, den første med sine preiker og gravtalar, den andre særleg med sine skrifter med pedagogisk innhald.

Mot slutten av 1600-talet oppstod striden mellom «dei gamle» og «dei nye». Ei rekkje forfattarar reagerte mot dyrkinga av antikken som hadde prega klassisismen. Dei hevda at deira eiga tid hadde oppnådd resultat, både innanfor naturvitskap og innanfor litteratur, som overgjekk førebilda frå oldtida. Denne patriotiske og nasjonalistiske haldninga hadde rot i ideologien frå eineveldet, men blei samtidig ein føresetnad for den framstegstru og evolusjonistiske tankegangen som skulle prega opplysingstida. Dei viktigaste talsmennene for «dei nye» var Charles Perrault og Bernard de Fontenelle. I dag hugsar ein Perrault best for si samling av franske folkeeventyr, 'Gåsemor fortel', som var med på å førebu romantikken i Frankrike. Madame d’Aulnoy innførte samstundes nemninga «eventyr» (conte de fées) på fransk. Boileau, Racine og La Bruyère forsvarte antikken og framheva tydinga til tradisjonen, men også dei var med på å førebu den nye tida, opplysingstida.

Opplysingstida mini|Fyrsteutgåva av L'Encyclopédie, med bilde av Diderot. Voltaire er blitt ståande som den typiske opplysingsfilosofen. Litterært sett var han konservativ; han skreiv epos og prøvde halda liv i tragedien, men han er best kjent for sine satiriske romanar og forteljingar, for kyrkjekritikken sin og for kampen for religiøs toleranse. Han fekk også tyding ved å popularisera filosofiske og vitskaplege idear som i stor grad kom frå Dei britiske øyane. Charles de Montesquieu hevda at kulturlivet var avhengig av historiske, klimamessige og sosiologiske høve. Læra hans om maktfordelingsprinsippet fekk mykje å seia for utviklinga av europeisk demokrati. Den største hendinga innan det litterære og filosofiske livet var l'Encyclopédie, som blei gjeven ut frå midten av 1700-talet. Hovudredaktør for dette gigantiske og omstridde leksikonet var Denis Diderot, medan nokre bidragsytarar var Jean d'Alembert, Claude-Adrien Helvétius og Paul d'Holbach som alle var tilhengjarar av erfaringsfilosofien, materialistar og sterkt kritiske til kristendommen.

Både romanen og dramaet gjekk gjennom ei fornying i første halvdel av 1700-talet. Av romanforfattarar kan ein nemna Lesage og l'abbé Prévost, i tillegg til Diderot, som påverka sjangeren gjennom sine humoristiske og samtidskritiske romanar. Pierre de Marivaux skreiv en interessant utviklingsroman og elegante kjærleikskomediar, og Diderot skapte ein ny sjanger: Det borgarlege, sentimentale dramaet. Frå slutten av hundreåret var Pierre de Beaumarchais ein viktig komedieforfattar og Pierre Choderlos de Laclos ein romanforfattar. Også den svært kontroversielle Donatien, marki de Sade, var ein leiande fransk forfattar i samtida.

Romantikken mini|Illustrasjon til Julie ou la Nouvelle Héloïse av Rousseau. Ein av dei første som vende seg mot den einsidige dyrkinga av fornufta og av det materielle framsteget, var Jean-Jacques Rousseau. Han hevdast at sivilisasjon og vitskap hadde øydelagd menneskenaturen, som var fundamentalt god. Det pedagogiske verket hans Émile fekk stor innverknad. I politiske skrift som Samfunnspakten drøftar Rousseau korleis mennesket som samfunnsvesen kan halda på mest mogleg av sin naturgjevne fridom og sjølvstende. Hans Bekjennelser fekk avgjerande tyding for framveksten av den sjølvbiografiske litteraturen. Forfattarskapen til Rousseau fekk mykje å seia for den franske revolusjonen og for utviklinga av demokrati på 1800-talet.