Malaika Mihambo () er ein tysk friidrettsutøvar frå Heidelberg som vart europameister 2018, verdsmeister 2019, olympisk meister 2021, verdsmeister 2022 og europameister 2024 i lengdehopp. Ho har ein personleg rekord på 7,30 meter frå verdsmeisterskapen 2019.
Aktiv Mihambo gjorde personbeste i lengdehopp med 6,90 meter i 2014. To år seinare tok ho bronsemedaljen i øvinga ved EM i friidrett 2016, før ho under Sommar-OL 2016 flytta sitt personbeste til 6,95 m i finalen og vart nummer 4. I Weinheim 26. mai 2018 forbetra ho rekorden sin til 6,99 meter, seinare same sommaren vart ho europameister med moderate 6,75 m.
2019-sesongen var Mihambo i sitt livs beste form. Ho forbetra den personlege rekorden til 7,07 m i Roma den 6. juni, vidare til 7,16 m i den tyske meisterskapen i Berlin 4. august, for så å toppe rekordreisa med 7,30 meter i VM finalen i Doha den 4. oktober. Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo 2021 låg ho på tredjeplass før sjette og siste finaleomgang. I sitt siste forsøk landa ho på 7,00 meter og årsbeste, dermed la ho dei andre medaljevinnarane 3 centimeter bakom seg.
Mihambo vann den tyske meisterskapen i lengdehopp i 2016 og åra 2018-21.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (6,49 m =nr 18) EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 6,65 m VM 2015 i Beijing: Nr 6 – 6,79 m EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje – 6,65 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 6,95 m EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 6,75 m m, framom Maryna Bekh (6,73 m) VM 2019 i Doha: Gullmedalje – 7,30 m, framom Maryna Bekh-Romansjuk (6,92 m) OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 7,00 m, framom Brittney Reese (6,97 m) VM 2022 i Eugene: Gullmedalje – 7,12 m, framom Ese Brume (7,02 m) EM 2022 i München: Sølvmedalje – 7,03 m, bakom Ivana Vuleta (7,06 m) EM 2024 i Roma: Gullmedalje – 7,22 m, framom Larissa Iapichino (6,94 m) OL 2024 i Paris: Sølvmedalje – 6,98 m, bakom Tara Davis-Woodhall (7,10 m) VM 2025 i Tokyo: Sølvmedalje – 6,99 m, bakom Tara Davis-Woodhall (7,13 m)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Malaika Mihambo» frå , den 15. mai 2022.
World Athletics
Kategori:Tyske lengdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024