Maurren Higa Maggi () er ein brasiliansk tidlegare friidrettsutøvar frå São Carlos som i 2008 vart olympisk meister i lengdehopp.

Aktiv Maggi sette personleg rekord med 7,26 meter i Bogotá sommaren 1999, eit rekordhopp som vart ståande som hennar lengste. To månader etter vart ho nummer åtte i lengdetevlinga under verdsmeisterskapen i Sevilla i 1999, før ho to år seinare vart ho nummer sju i Edmonton. I mars 2003 tok Maggi bronsen i lengde ved innandørs-VM i Birmingham. Tre månader seinare vart ho hekta i ei dopingprøve som viste bruk av eit anabolt steroid, noko som førte til at ho vart stengd ute frå friidrett i to år.

I 2006 vann Maggi lengdehopp i den søramerikanske meisterskapen, året etter kom ho på sjetteplassen i øvinga ved VM i Osaka. Tidleg våren 2008 tok ho sølv i innandørs-VM, bakom Naide Gomes. I OL-finalen 22. august 2008 i Beijing smelte Maggi til med 7,04 meter i den fyrste omgangen, eit hopp ingen makta overgå, sjølv om Tatjana Lebedeva var svært nær med sine 7,03 m, den same Lebedeva som åtte år seinare fekk annullert sølvmedaljen. Maggi vann lengdehopp under panamerika-leikane 2011 i Guadalajara.

Maggi var også ein framifrå hekkeløpar og tresteghoppar, øvingar der ho som best presterte 12,71 sekundar og 14,53 meter.

Doping Maggi vart dopingdømd sommaren 2003 og fekk ikkje delta i Friidretts-VM 2003 og Sommar-OL 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Nr 8 i lengdehopp – 6,68 m OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (6,35 m=nr 28) VM 2001 i Edmonton: Nr 7 i lengdehopp – 6,73 m VM 2007 i Osaka: Nr 6 i lengdehopp – 6,80 m OL 2008 i Beijing: Gullmedalje i lengdehopp – 7,04 m VM 2009 i Berlin: Nr 7 i lengdehopp – 6,68 m VM 2011 i Daegu: Nr 10 i lengdehopp – 6,17 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maurren Higa Maggi» frå , den 22. august 2018.

World Athletics

Kategori:Brasilianske friidrettsutøvarar Kategori:Lengdehopparar Kategori:Hekkeløparar Kategori:Tresteghopparar Kategori:Olympiske meistrar for Brasil Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012