Jouko Yrjö Nikkanen () var ein finsk spjutkastar, verdsrekordhaldar i øvinga 1948-53. Han vann OL-sølv i 1936 og to EM-sølv. Han var fødd i Karelen i dåverande Finland, seinare Sovjetunionen og Russland.
Nikkanen vann sølvmedaljen under Sommar-OL 1936 i Berlin med eit kast på 70,77 meter, tyskaren Gerhard Stöck vann gullmedaljen. Den 25. august 1938 sette han verdsrekord i spjutkast med 77,86 m i Kymmene. Vel ein veke etterpå vart han andremann i spjut då EM i friidrett 1938 fann stad, landsmannnen Matti Järvinen vart hans overmann. Seinare på hausten, den 16. oktober, forbetra Nikkanen verdsrekorden til 78,70 meter i eit stemne Kotka. Denne rekorden stod i nesten 15 år.
Nikkanen var aktiv også etter andre verdskrigen. Ved europameisterskapen 1946 i Oslo vann han si internasjonale sølvmdalje nummer tre, svenske Lennart Atterwall kasta lengst i tevlinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1936 i Berlin: Sølvmedalje – 70,77 m, bakom Gerhard Stöck (71,84 m) EM 1938 i Paris: Sølvmedalje – 75,00 m, bakom Matti Järvinen (76,77 m) EM 1946 i Oslo: Sølvmedalje – 67,50, bakom Lennart Atterwall (68,74 m)
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Finske spydkastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936