mini|Interiør Nes kyrkje er ei langkyrkje i Ørland kommune i Trøndelag fylke. Ho har 350 sitjeplassar.Kyrkjesøk Til grunn for oppføringa nytta ein teikningar utarbeidd av Otinius Forbrægd for Jøssund kyrkje.
Altartavla er teikna av John Tverdahl og skore av Birger Andresen i 1959. Motivet er oppstoda. I tårnfoten heng to bilete som ein trur er måla av Peder Andersen Lilje for om lag 300 år sidan. Det eine er ovalt og framstiller Jesus i vinpressa. Det andre er rektangulært og skal vere måla i kopi etter Albrecht Dürer sitt bilete «Schmerzensmann». Dette siste har truleg vore brukt i ei altartavle.
Tidlegare kyrkjer i Nes Nes har hatt kyrkje sidan før reformasjonen. Dei tidlegare kyrkjene stod på garden Nes (gnr. 10), medan dagens kyrkje står på Berg. Eldste kjende omtale er frå perioden 1520–36.Brendalsmo (2016), s. 59. Denne kyrkja vart omfattande vøla på 1600- og 1700-tallet og brann ned til grunnen i 1770. Ei ny kyrkje stod klar i 1774. Denne stod til dagens kyrkje vart teken i bruk. Så vart ho teken ned og frakta til Fyrde i Volda, der ho vart innvigd som Austefjord kapell i 1879.
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Kjelder
Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Sør-Trøndelag (Riksantikvaren, 2016), s. 59–60 Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Riksantikvaren om den gamle kyrkjestaden
Kategori:Kyrkjer i Ørland Kategori:Kulturminne i Ørland Kategori:Kyrkjer i Fosen prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:1879 i Noreg Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme