Teslagrad er eit dataspel utvikla og utgjeve av den norske spelutviklaren Rain Games. Spelet kom ut på Steam desember 2013, på Nintendo eShop for Wii U i september 2014 og på PlayStation Store på PlayStation 3 og PlayStation 4 i desember 2014 i Europa. Teslagrad bruker Unity game engine, som gjer det lettare for utviklarar å gje ut spelet på ulike plattformer.

Teslagrad er eit plattform-hjernetrimspel i den såkalla metroidvania-stilen, med action-element der magnetisme og andre elektromagnetiske krefter må brukast for å kome vidare i spelet. Spelaren styrer ein ung gut som skal avdekke mysteria om det lenge forlatne Tesla Tower. Han hamnar plutseleg midt i ei samansverjing, som involverer ein despotisk konge som har regjert nasjonen med ei jernhand i fleire år. Spelet inneheld nokre kampsegment, kombinert med gåter og presis plattforming. Det går føre seg i ein steampunk-inspirert versjon av det gamle Europa, i ei ikkje-lineær verd med meir enn hundre handteikna miljø. Spelet introduserer ulike oppgraderingar og hjelpemiddel etter kvart som handlinga skrir fram.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Dataspel frå 2013 Kategori:Eventyrspel Kategori:Linux-spel Kategori:Macintosh-spel Kategori:Metroidvania-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Plattform-hjernetrimspel Kategori:PlayStation 3-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:PlayStation Vita-spel Kategori:Wii U-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel Kategori:Norske dataspel