mini|De Havilland DH-104 Dove mini|De Havilland DH 104 Dove, Shell Oil Company De Havilland DH.104 Dove var eit britisk passasjerfly konstruert og bygt av De Havilland like etter andre verdskrigen, då fabrikken igjen kunne satsa på sivil flyproduksjon.
Historie Flyet var ein etterfølgjar til førkrigsmodellen Dragon Rapide, som var eit av dei mest vellukka passasjerflya til den britiske flyindustrien på 1930-talet. Medan dette hadde vore eit biplan, var Dove eit monoplan med eitt par venger. Det hadde to motorar. Dove flaug første gongen 25. september 1945.
Produksjon Produksjonen av Dove og dei mange variantane av flyet omfatta 388 sivile Dove-fly. Dessutan blei det bygd militære variantar, Devon C.2 og Sea Devon, i høvesvis 127 og 13 eksemplar. Med plass til åtte passasjerar viste flyet seg snart å vera for lite for flytrafikken på 1950-talet, og De Havilland bygget ein større, men elles nær identisk maskin med fire motorar, De Havilland DH 114 Heron som kunne romma 15 passasjerar. Produksjonen opphøyrde på midten av 1960-talet. Det var då vorte bygd i 542 eksemplar.
Sivile kundar Flyet vart selt til 17 større og mindre flyselskap. Dei fleste eksisterer ikkje i dag.
Kjende selskap som har nytta Dove
BOAC British Midlands Sabena South African Airways
Brukt av flyvåpen i Argentina Brasil Egypt Etiopia Irland Indonesia Jordan Libanon Malaysia New Zealand Pakistan Storbritannia Sri Lanka left|22px Sør-Afrika
Sverige
Spesifikasjonar mini|De Havilland DH 104 Dove
Dimensjonar
Besetning: 2 Passasjerar: 8 Vengespenn: 17.37 m Lengd: 11.96 m Høgd: 4.75m Vengeflate: 31.1 m² Vekt, tom: 2 600 kg Maksvekt: 4 000 kg Motorar: 2x De Havilland Gipsy Queen 70 Mk 6-sylinder i rekkjemotorar, kvar på 380 bhp (283 kW).
Ytingar
Toppfart: 325 km/t ved 2 400 m høgd Stigingsevne: 4.7 m/s Marsjhøgd: 6 100 m Maks rekkjevidd: 1 720 km
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «De Havilland DH 104 Dove» frå , den 24. september 2018.
Kategori:Passasjerfly Kategori:De Havilland-fly