Joan Baez/5 er eit studioalbum frå 1964 av den amerikanske visesongaren Joan Baez. Det nådde 12. plassen på Billboard 200-lista. Singelen «There But for Fortune» nådde 50. plassen på Billboard Hot 100 i i USA og vart ein topp 10-singel i Storbritannia.

Historie I motsetnad til dei tidlegare albuma hennar, var Joan Baez/5 delt jamt mellom moderne songar og tradisjonelle viser. «There But for Fortune» var skriven av Phil Ochs, og ho tok òg med Bob Dylan sin «It Ain't Me Babe» og Johnny Cash sin «I Still Miss Someone», i tillegg til fleire tradisjonelle engelske og amerikanske folkeviser. Regissøren Spike Lee nytta Baez si utgåve av Richard Fariña sin «Birmingham Sunday» (om bombinga av 16th Street Baptist Church i 1963, der fire unge afroamerikanske jenter mista livet) i dokumentarfilmen 4 Little Girls frå 1997.

Teksten i omslaget var skriven av Langston Hughes.

Vanguard-utgåva frå 2002 inneheld to bonusspor: «Tramp on the Street» og «Long Black Veil».

Mottaking

I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder om dei forskjellige sjangrane Baez no utforska. Han skreiv at albumet «var der musikken til songaren blømde kraftig for første gongen. Etter å ha brukt opp dei beste av dei tradisjonelle songane i repertoaret hennar på dei fire tidlegare albuma, utvida Baez her musikken hennar, og opna opp nokre lovande, nye territorium i prosessen».

Innhald

Medverkande Joan Baez – vokal, gitar David Soyer – cello Gino Foreman - gitar

Salslister Liste (1964)Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joan Baez/5» frå , den 15. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1964 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Vanguard Records-album