Day After Tomorrow er eit studioalbum av den amerikanske visesongaren Joan Baez, gjeve ut i 2008, som det første albumet hennar på fem år. Albumet inneheld songar skrivne av artistar som Tom Waits, Elvis Costello, T Bone Burnett, Patty Griffin, Thea Gilmore og Steve Earle. Steve Earle produserte òg albumet, som vart spelt inn i Nashville mellom desember 2007 og mars 2008.

Albumet kom ut på Proper Records i Europa og Razor & Tie i Nord-Amerika. Albumet debuterte på UK Albums Chart på ein 100. plass. I USA vart albumet det første albumet hennar som gjekk inn på albumlista på 29 år, og nådde 128. plassen på Billboard 200 den første veka.Bronson, Fred. «Joan Baez back on chart after 29 years». Reuters. 19. september 2008. Det vart òg nominert til Grammyprisen for beste samtidige visealbum.

Innhald

Medverkande Joan Baez – vokal, gitar Steve Earle – gitar, harmonium, korvokal, tamboura Viktor Krauss – bass Kenny Malone – trommer, perkusjon Tim O'Brien – fele, mandolin, bouzouki, korvokal Darrell Scott – gitar, dobro, bouzouki, hawaiigitar, banjolin, resonatorgitar, korvokal Thea Gilmore – harmonivokal Siobhan Maher Kennedy – harmonivokal

Salslister

Liste (2008)Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Day After Tomorrow (Joan Baez album)» frå , den 2. november 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Proper Records-album Kategori:Album produserte av Steve Earle Kategori:Razor & Tie-album