«Gotta Serve Somebody» er ein song av Bob Dylan frå studioalbumet Slow Train Coming i 1979. Han vann Grammyprisen for beste rockesong av ein mann i 1979.
Bakgrunn Songen vart spelt inn i mai det året i Muscle Shoals Sound Studios i Sheffield i Alabama. B-sida til singelen var «Trouble in Mind», ein song Dylan spelte inn for albumet, men som aldri kom med på den endelege utgåva.
Mottaking
Sidan dette var den første utgjevinga til Dylan i «gospelperioden» hans vart «Gotta Serve Somebody» møtt med delt kritikk. John Lennon kritiserte songen og gav ut ein parodi kalla «Serve Yourself». Uansett van singelen Grammyprisen for beste rockesong av ein mann i 1979. Dette er den siste hitten Dylan fekk på Hot 100 i USA då han nådde 24. plassen og låg på lista i 12 veker. I 2016 rangerte Rolling Stone songen på 43. plassen på lista si over dei 100 beste Bob Dylan-songane.
Andre versjonar Songen er blitt spelt inn av Mavis Staples, Etta James, Willie Nelson, Nichole Nordeman, Booker T. & the M.G.'s og forskjellige bluesartistar som Tommy Castro.
I popkulturen Songen var med i filmen The Ultimate Gift, i ein episode av The Sopranos, og i ein episode av serien Billions.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gotta Serve Somebody» frå , den 1. desember 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar produserte av Barry Beckett Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Songar produserte av Jerry Wexler Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Luther Ingram-songar Kategori:Grateful Dead-songar Kategori:Judy Collins-songar Kategori:Natalie Cole-songar Kategori:Mavis Staples-songar Kategori:Etta James-songar Kategori:Jools Holland-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Eric Burdon-songar Kategori:Booker T. & the M.G.'s-songar