Waltraud Kretzschmar, fødd Hermann og skild Czelake, () var ein tysk handballspelar frå Kloster Lehnin i delstaten Brandenburg. Med Aust-Tysklands landslag vart ho verdsmeister tre gongar i rad; 1971, 1975 og 1978. Gjennom fleire sesongar på 1970-talet vart Kretzschmar rekna som verdas beste handballspelar på kvinnesida.

Kretzschmar spelte på SC Leipzig frå 1964 til ho la opp i 1980. I denne perioden vart ho austtysk meister ti gongar, og ho var med om å vinne europacupen i 1966 og 1974. Dessutan lukkast ho og Leipzig vinne den europeiske cupvinnarcupen både i 1967, 1970, 1972 og 1977.

Gjennom ein periode på 15 år deltok Kretzschmar i 217 landskampar for Aust-Tyskland og skåra 727 mål. Ho var med å sikre VM-gull for det austtyske landslaget både i 1971, 1975 og 1978. I 1976 vann ho OL-sølv under Sommar-OL i Montreal, fire år seinare vart det bronsemedalje då dei olympiske sommarleikane fann stad i Moskva.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Waltraud Kretschmar» frå , den 3. desember 2018.

Kategori:Tyske handballspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1980