«Love Sick» er ein song av Bob Dylan, spelt inn i januar 1997 og gjeven ut som opningssporet på det 30. studioalbumet hans, Time Out of Mind i september det året. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i juni 1998 på forskjellige CD-format. Somme av dei inneheldt eit konsertopptak av songen frå 25. februar 1998 då Dylan framførte songen på Grammyprisutdelinga. Songen er produsert av Daniel Lanois.
Framføringar I følgje nettsida til Dylan er songen blitt framført på konsertar over 800 gonger. Då Dylan framførte songen under Grammyprisutdelinga i 1998 hoppa dansaren Michael Portnoy på scenen utan skjorte og med orda «Soy Bomb» måla på brystet. Ein video av denne framføringa med Portnoy redigert ut, finst på ein bonus-DVD av den avgrensa versjonen av albumet Modern Times frå 2006.
Andre versjonar Songen er blitt spelt av mange artistar, mellom andre The White Stripes og Mariachi El Bronx.
Innhald Love Sick: Dylan Alive! Vol. 1 Japansk dobbel-EP:
Plate 1 «Love Sick» – 5:22 «Can't Wait» (Live) – 6:04 «Roving Gambler» (Live) – 3:53 «Blind Willie McTell» (Live) – 7:00 Plate 2 «Love Sick» (Live at 1998 Grammy Awards) – 5:29 «Cold Irons Bound» (Live) – 6:50 «Cocaine Blues» (Live) – 5:43 «Born in Time» (Live) – 5:19
CD1 (COL 665997 2): «Love Sick» (Live at 1998 Grammy Awards) – 5:29 «Cold Irons Bound» (Live) – 6:50 «Cocaine Blues» (Live) – 5:43 «Born in Time» (Live) – 5:19
CD2 (COL 665997 5): «Love Sick» – 5:22 «Can't Wait» (Live) – 6:04 «Roving Gambler» (Live) – 3:53 «Blind Willie McTell» (Live) – 7:00
2-spors CD (COL 665997 1): «Love Sick» (Live at 1998 Grammy Awards) – 5:29 «Cold Irons Bound» (Live) – 6:50
Victoria's Secret eksklusiv EP: «She Belongs to Me» – 2:46 «Don't Think Twice, It's All Right» – 3:38 «To Ramona» – 3:51 «Boots of Spanish Leather» – 4:37 «It's All Over Now, Baby Blue» – 4:13 «Love Sick» (Remix) – 5:24 «Make You Feel My Love» – 3:31 «Things Have Changed» – 5:08 «Sugar Baby» – 6:41
Merknad «Love Sick» - Grammy-versjonen vart spelt inn under Grammyprisutdelinga 25. februar 1998. «Cold Irons Bound» og «Cocaine Blues» var konsertopptak frå El Rey Theatre i Los Angeles, 16. desember 1997. «Born in Time» var konsertopptak frå Center for the Performing Arts i Newark, 1. februar 1998. «Can't Wait» var konsertopptak frå El Rey Theatre i Los Angeles, 20. desember 1997. «Roving Gambler» var konsertopptak frå El Rey Theatre i Los Angeles, 17. desember 1997. «Blind Willie McTell» var konsertopptak frå Jones Beach Music Theater i Wantagh, 17. august 1997.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Sick (song)» frå , den 13. desember 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Teksten
Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Songar produserte av Daniel Lanois Kategori:Bluesrock-songar Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar frå 1997 Kategori:The White Stripes-songar