Roadmaster er eit countryrockalbum av Gene Clark, gjeve ut i 1973. Albumet vart sett saman av forskjellige innspelingar for A&M Records som ikkje var gjevne ut før, mellom 1970 og 1972. Åtte spor kom frå ei innspelinga i april 1972 i lag med Clarence White, Chris Ethridge, Spooner Oldham, Sneaky Pete Kleinow, Byron Berline og Michael Clarke.Byrdwatcher. Henta 4. januar 2019 To spor («One in A Hundred» og «She's the Kind of Girl») kom frå ein uutgjeven singel av dei fem originale Byrds-medlemmane frå albumet deira frå 1973. Den siste songen, «Here Tonight», var blitt spelt inn med The Flying Burrito Brothers. Albumet vart først berre gjeve ut i Nederland og Tyskland på A&M-etiketten Ariola. Det kom først ut på den amerikanske marknaden på CD i 1994.

Innhald

Medverkande Spor 1 og 2: med The Byrds Gene Clark – vokal, akustisk gitar Chris Hillman – bassgitar, vokal David Crosby, Roger McGuinn – gitar, vokal Michael Clarke – trommer Bud Shank – fløyte på «She's The Kind Of Girl»

Spor 3: med The Flying Burrito Brothers Gene Clark – vokal, akustisk gitar Chris Hillman – bassgitar, vokal Sneaky Pete Kleinow – pedalsteelgitar Bernie Leadon, Rick Roberts – gitar, vokal Michael Clarke – trommer

Spor 4-11: Gene Clark – vokal, akustisk gitar, piano Clarence White – elektrisk gitar, korvokal Sneaky Pete Kleinow – pedalsteelgitar Spooner Oldham – klaverinstrument, korvokal Chris Ethridge – bassgitar Michael Clarke – trommer Byron Berline – fele Roger McGuinn, Rick Clark - korvokal truleg ikkje med på den endelege albummiksen

Produksjon Produsentar: Jim Dickson (spor 1–3), Chris Hinshaw (spor 4–11) Lydteknikar: Chris Hinshaw Fotografi: Henry Diltz Notat i omslaget: Barry Ballard

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Roadmaster (album)» frå , den 5. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Gene Clark-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:A&M Records-album