James Augustine Aloysius Joyce () var ein irsk forfattar, mest kjend for romanen Ulysses frå 1922. Joyce vert rekna mellom dei største irske forfattarane, og for å ha hatt stor kulturell påverknad på 1900-talet. Attåt Ulysses er den innvikla romanen Finnegan's Wake (1939), novellesamlinga Dubliners (1914) og den halv-sjølvbiografiske romanen A Portrait of the Artist as a Young Man (1916) mellom dei mest røynde verka hans Joyce.
James Joyce levde mesteparten av livet sitt utanfor Irland, men alle hans verk er djupt knytte til heimbyen hans, Dublin, og alle finn dei stad der. Mellom anna vert det ugreie tilhøvet hans til den irske katolske kyrkja spegla hjå romanfiguren Stephen Dedalus, som på mange vis er ein delvis sjølvbiografisk figur.
Liv og verk
Tidleg liv mini|venstre|James Joyce som seksåring. James Joyce vart fødd som James Augustine Aloysius Joyce, i ein katolsk familie i Rathgar, ein forstad av Dublin. Han var eldste av 10 born som voks opp—to av syskena hans døydde av tyfus. Både faren og godfaren hadde gifte seg inn i velståande familiar. I 1887 vart faren John Stanislaus Joyce utnemnd til skatteoppkrevjar, og familien flytte til den fasjonable småbyen Bray, 19 km frå Dublin. Kring denne tida vart Joyce åteken av ein hund, og leid heile livet av hundefobi.
I 1891 skreiv Joyce eit dikt, «Et Tu Healy» om døden hans Charles Stewart Parnell. Faren, som var opprørt over handsaminga Parnell fekk av den katolske kyrkja og at Irland ikkje fekk sjølvstende, fekk diktet prenta opp og sende jamvel ein kopi til Vatikanbiblioteket. Same året vart John Joyce skriven opp i Stubbs Gazette, ei offisiell liste over konkursar, og suspendert frå arbeidet. Året etter vart han sagd opp med pensjon. Familien vart etter dette fattigare, mykje grunna John sine drikkevanar og han skøytte økonomien sin dårleg.
James Joyce fekk opplæring frå 1888 hjå Jesuittordenen ved Clongowes Wood College, ein internatskule i County Kildare, men laut slutta i 1892, då familien ikkje lenger hadde råd. I 1893 fekk Joyce plass på Belvedere College, ein jesuittskule i Dublin, delvis av di det var von om at han skulle verta med i ordenen. Joyce forkasta katolisismen som sekstenåring, jamvel om filosofien hans Thomas Aquinas hadde stor påverknad på han heile livet.
Joyce matrikulerte seg ved det nyopna University College Dublin i 1898. Han studerte engelsk, fransk og italiensk. På denne tida vart han aktiv i teater- og litteraturkrinsar i byen. Han skreiv ein kritikk av Ibsens verk. Artikkelen vart gjeven ut i 1900, og var det fyrste Joyce skreiv som vart gjeve ut. Ibsen skreiv eit takkebrev til Joyce etter utgjevinga av artikkelen. Joyce skreiv ei rad andre artiklar og i minsto to skodespel på denne tida. Både skodespela har sidan vorte tapte. Joyce var aktivt medlem av The Literary and Historical Society, University College Dublin. Mange av universitetsvenene hans Joyce danna grunnlaget for figurar i romanane hans.
Joyce fullførte studiane i 1903 og drog til Paris. Han sa han skulle studera medisin, men i røynda gjorde han ikkje det, men brukte opp ein del pengar, trass i familiens dårlege økonomiske stode. Då mora nokre månader seinare fekk ein kreftdiagnose vende Joyce attende til Irland. Mora lika dårleg at sonen ikkje var særleg religiøs, og freista utan heppe å få han til å skrifte og ta nattverd. Ho fall i koma og døydde 13. august. I likskap med den ofte sjølvbiografiske figuren Stephen Dedalus i Ulysses (og andre verk), nekta Joyce å knela eller be ved sengekanten hennar. Etter at mora døydde byrja James Joyce å drikka att, og stoda for familien vart verre. Joyce skreiv bokmeldingar, underviste og song for å tena pengar. Han var ein dyktig tenor, og vann 3. plass i Feis Ceoil i 1904.
7. januar 1904 freista han få A Portrait of the Artist as a Young Man gjeve ut i tidsskriftet Dana, men fekk avslag. På sin tjueandre fødedag avgjorde han å endra historia til ein roman med namnet Stephen Hero. Romanen vart aldri gjeven ut under det namnet, men under det opphavlege namnet. Same året møtte han Nora Barnacle, ei ung kvinne frå Galway. 16. juni 1904 hadde dei sitt fyrste stemnemøte. Joyce heidra datoen ved å leggja handlinga i Ulysses til denne dagen.
Joyce vart att i Dublin ei stund, og heldt fram med tungt alkoholinntak. Etter ei fyllekule kom han i eit basketak og vart teke hand om av ein ven av faren, Alfred H. Hunter. Det gjekk rykte om at Hunter var jøde og at kona hans var utru. Hunter tente som ein av modellane for figuren Leopold Bloom i Ulysses. Joyce levde ei stund med medisinstudenten Oliver St. Johm Gogarty, som tente som grunnlag for figuren Buck Mulligan i Ulysses. Etter å ha budd hjå Gogarty (i eit tårn som det som er skildra i opninga av Ulysses) i seks netter kom han i krangel med Gogarty og forlét han. Han gjekk til fots attende til Dublin og budde hjå familien. Kort tid etter drog han og Nora til det kontinentale Europa.
Trieste og Zürich mini|venstre|Joyce i Zürich i 1915
Joyce og Nora drog i friviljug utlegd, og drog fyrst til Zürich, kor Joyce skulle ha fått ei stilling som engelsklærar ved Berlitz språkskule, som han skaffa seg gjennom eit engelsk firma. Det synte seg at stillinga ikkje var ledig, men han vart råda til å reisa til Trieste og freista ved Berlitzskulen der. I Trieste fann han heller ingen stilling, men direktøren for skulen der, Almidano Artifoni, hjelpte han skaffa ein post i Pula, då (som Trieste) ein del av Austerrike-Ungarn (no i Kroatia). Han heldt stillinga frå oktober 1904 til mars 1905, då Austerrike kasta ut alle utlendingar frå byen etter å ha oppdaga eit spionnetverk. Med hjelp av Artifoni flytta han attende til Trieste og underviste i engelsk der. Han vart i Trieste dei neste ti åra.
Seinare same året (1905) fekk Nora og James sitt fyrste barn, Giorgio. Joyce overtydde broren Stanislaus til å koma til Trieste, og sikra han ein lærarstilling med. Grunne han gav var at han ynskte å ha selskap av broren, og at broren skulle få eit meir spanande liv enn det han hadde som sekretær i Dublin, men truleg vona han å auka inntekta til familien sin gjennom det broren tente. Stanislasu og James Joyce kom ikkje særleg godt overeins medan dei budde ilag, og dei krangla stendig om James og hans dårleg økonomiske kontroll og sterke drikkevanar.
Joyce slo seg ikkje til ro i Trieste, flytta til Roma mot slutten av 1906 etter å ha sikra seg ei stilling i ein bank der. Han mislika byen, og vende snart attende til Trieste. Dottera Lucia vart fødd den sumaren (1907].
Joyce vende attende til Dublin sumaren 1909 med Giorgio for å vitja faren og freista få novellesamlinga Dubliners gjeven ut. Han vitja òg familien til Nora i Galway (og møtte dei dermed for fyrste gong.) Då han vende attende til Trieste hadde han med systera Eva, for at ho skulle hjelpa Nora med borna. Han vende attende til Dublin etter berre ein månad heime i Trieste, denne gongen som representant for ei gruppe kinoeigarar som ynskte å setja opp kino i Dublin. Dette lukkast, men fall saman etter at Joyce atter drog. Januar 1910 kom han igjen til Trieste, denne gongen med systera Eileen. Eva fekk etter kvart sterk heimlengt og vende attende dit etter nokre år, medan Eileen budde på kontinentet resten av livet, og gifta seg med ein tsjekkisk bankfunksjonær.
Joyce var på ei stutt vitjing i Dublin sumaren 1912 for å halda fram med krangelen med utgjevaren sin, George Roberts, om Dubliners. Han hadde ikkje heppa med seg, og drog att. Trass innbjodingar frå faren og frå poeten William Butler Yeats vende han aldri meir attende til Irland.
Joyce prøvde seg på ymist for å skaffa pengar i denne tida, mellom anna tenkte han på byrja import av tweed til Trieste. Han tente i hovudsak pengar gjennom stillinga ved Berlitzskulen og frå privatundervising. Mange av venskapa han danna med privatelevane sine skulle syna seg å vera nyttige då han freista koma seg ut av Austerrike-Ungarn til Sveits i 1915.
Ein av elevane hans i Trieste var Ettore Schmitz, røynd under dekknamnet Italo Svevo. Dei møttest i 1907 og vart vener for livet. Scmitz hadde mellom anna jødiske forfedrar, og gav Joyce mykje av informasjonen om jødisk tru som er med i Ulysses. Schmitz var òg hovudinspirasjonen bak Leopold Bloom. Medan han budde i Trieste byrja Joyce å få problem med augo. Han sleit med dette heile livet, og fekk i overkant av eit dusin operasjonar i laupet av livet sitt.
For å sleppa unna problema med å vera britisk statsborgar i Austerrike-Ungarn under fyrste verdskrigen flytta han til Zürich. Der møtte han Frank Budgen, som skulle verta ein av hans viktigaste vener. Her introduserte Ezra Pound han for utgjevaren Harriet Shaw Weaver. Ho vart vernaren hans frametter, og sponsa han, slik at han skulle sleppa å undervisa og kunne via seg til skrivinga. Etter krigen vende han att til Trieste eit stutt bel, men fann at byen hadde endra seg. Tilhøvet hans til broren, som hadde sitte i ein austerriksk fangeleir store delar av krigen, var endå dårlegare enn før. Joyce fekk ein innbjoding til å vitja Ezra Pound i Paris ei veka, men vart buande i byen dei neste tjue åra.
Paris og Zürich
I denne perioden reiste Joyce mykje att og fram mellom Paris og Sveits for å få medisinsk handsaming for augo sine, og for Lucia, som skal ha vore schizofren. Lucia vart undersøkt av Carl Jung, som etter å ha lese Ulysses meinte at faren òg var schizofren. Han samanlikna stodene deira med to som søkk mot botnen av ei elv, men at dottera sokk medan faren staup. Lite er kjend om tilhøvet mellom Joyce og dottera, av di mykje korrespondanse mellom dei to vart brent av arvtakaren Stephen Joyce då Lucia døydde i 1982. Stephen Joyce har skrive at desse breva var frå Lucia til andre medlemmer av Joyce-familien og at alle dei brende breva vart skrivne etter at både James og Nora Joyce var daude, og at dei vart brende på oppmoding frå Samuel Beckett.
Medan Joyce budde i Paris vart han teken vare på av Maria og Eugene Jolas, og mottok økonomisk stønad frå Harriet Shaw Weaver. Det var dette som gjorde det mogleg for han å skriva Finnegans Wake, og utan hjelpa frå desse er det mogleg at boka aldri ville vore skriven. I eit no røynd tidsskrift, «transition», gav Jolas-paret ut delar av boka under tittelen Work in Progress. Joyce vende attende til Zürich i 1940, på flukt frå nazistane som hadde teke over Frankrike. 11. januar 1941 vart han handsama for eit sprokke magesår, og såg i førstninga ut til å koma seg, men fall i koma og døydde dagen etter. Han er gravlagd i Zürich. James og Nora hadde gifta seg i London i 1931, og ho levde ti år etter mannen. Både ho og sonen Giorgio (som døydde i 1976 er gravlagde saman med James. Ifylgje biografen Ellmann nekta Nora å ha katolsk gudsteneste i gravferda.
Hovudverk
Dubliners
Joyce sine røynsler i Irland er eit viktig element i alle verka hans, og er scena for alle verka. Den tidlege novellesamlinga Dubliners er ei analyse av stagnasjon og mangel på endring i samfunnet i Dublin. Den siste og mest røynde novella i samlinga, The Dead, vart gjort til film i 1987, regi John Houston.
A Portrait of the Artist as a Young Man
A Portrait of the Artist as a Young Man byggjer på den tidlegare romanen Stephen Hero, som Joyce gav opp før han var ferdig. Joyce øydela delar av det opphavlege manuskriptet til Stephen Hero i ein krangel med Nora. Romanen handlar om utviklinga til ein kunstnar, og er ein halvt sjølvbiografisk roman som skildrar hovudpersonens gradvise oppvokster og oppvakning som individ. Hovudpersonen Stephen Dedalus er i stor grad bygt på Joyce sjølv. I denne boka ser ein Joyces fyrste bruk av somme teknikkar (mellom anna intern monolog) som han kom til å nytta i stor grad i seinare verk. I 1977 kom ein film av boka, regi Joseph Strick.
Exiles og dikt