Louis Aragon () var ein fransk forfattar og dadaist. Han var eit langvarig medlem av kommunistpartiet og Académie Goncourt.

Aragon, André Breton og Philippe Soupault grunnla den franske surrealismerørsla, og i 1919 byrja dei gje ut den avantgardistiske avisa Littérature. I 1920 gav Aragon ut si første diktsamling, Feu de joie.

Etter å ha vitja Sovjetunionen i 1930 gav Aragon opp surrealismen, og skreiv i staden realistisk litteratur. Han var ein av dei første intellektuelle som slutta seg til det franske kommunistpartiet. I 1933 byrja han skriva for partiavisa L'Humanité.

Under andre verdskrigen blei Aragon mobilisert mot tyskarane, og vann den franske krigskrossen (Croix de Guerre). Under okkupasjonen var han verksam innan den franske motstandsrørsla.

I 1939 gifta han seg med den russisk-fødde forfattaren Elsa Triolet, som han hadde møtt i 1928. Ho var syster av Lilja Brik, partneren til den russiske diktaren Vladimir Majakovskij. Aragon og Triolet samarbeiddei venstrepressa før og under verdskrigen, i undergrunnspressa under det meste av okkupasjonen.

Mange av dikta hans har blitt tonesette.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Louis Aragon» frå , og «Louis Aragon» frå den 14. januar 2019.

Litteratur Stevelius, Madeleine & Lagerstedt, Lars red. (1983): Anno 82 : Svenska Dagbladets årsbok (årbok som dekker hele 1982), Bokförlaget Corona & Svenska Dagbladet, Stockholm, ISBN 91-85556-16-5, s. 203 Benjamin Ivry (1996): Francis Poulenc, 20th-Century Composers series. Phaidon Press Limited. ISBN 0-7148-3503-X. Polizzotti, Mark (1995): Revolution of the Mind: The Life of André Breton, Bloomsbury Publishing Plc. ISBN 0-7475-1281-7

Kategori:Franske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Paris