Sergej Aleksandrovitsj Ustjugov () er ein russisk langrennar frå Khanty-Mansia. Han vart verdsmeister på 30 km og i lagsprint under Ski-VM 2017 i Lahti. Elles sikra han seg i perioden 2013-19 fire VM-sølv og ein VM-bronse i ulike øvingar under verdsmeisterskapane i langrenn. Han gjekk til topps i Tour de ski 2017. Per 1. mars 2019 stod han bokført med 13 sigrar i verdscupen i langrenn, av dei 9 bestetider i etapperenn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sergei Alexandrowitsch Ustjugow» frå , den 2. mars 2019.
Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Folk frå Khanty-Mansia