Kathrine Kleveland () er ein norsk politikar for Senterpartiet. Ho blei leiar i Nei til EU frå 2014. Ved Stortingsvalet 2017 var ho førstekandidat for Senterpartiet i Vestfold. I 2021 blei ho vald inn frå Vestfold og Senterpartiet til Stortinget.
Kleveland var leiar for Norges Bygdekvinnelag i seks år. Ho har også vore styreleiar for i Stiftelsen Skolematens venner og vore engasjert i å utvikle eit nettverk for GMO-fri mat. Innan eige politiske parti har ho vore leiar i Vestfold Senterparti og sentralstyremedlem. I 2013 var ho listetopp for Senterpartiet i Vestfold.
Kleveland har bakgrunn som grafisk designar. Ho er bonde på garden Bergan i Holmestrand, som ho driv med mann og barn.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Nei til EU Kategori:Sp-politikarar i Vestfold Kategori:Norske gardbrukarar