Henrik Finne () var ein norsk forretningsmann og embetsmann som vert hugsa for sin pionerinnsats i fiskeindustrien i Stavanger.
Finne var fødd i Christiania. Han vart cand.jur. i 1861 og arbeidde som overrettssakførar i Stavanger frå 1862. I 1887 vart han politimeister i Stavanger, fire år seinare fekk han den nyoppretta stillinga som byfut. År 1895 var han ordførar i Stavanger, som representant for partiet Venstre.
Finne var ein føregangsmann for hermetikkindustrien i Stavanger. I 1873 tok han initiativet til at Stavanger Preserving Co. den fyrste hermetikkfabrikken i byen, vart grunnlagd. Han var elles den fyrste direktøren (styreleiar) i Det Stavangerske Dampskibsselskabs, og han var styremedlem i mangt eit forretnings- og industrifirma.
Finne var svigerson til Gabriel Schanche Kielland.
Kjelder Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1953
Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Norske industrigrunnleggjarar Kategori:Folk frå Stavanger