Fabian Rießle () er ein tysk kombinertrennar frå St. Märgen i delstaten Baden-Württemberg. Åra 2014-19 vann han fire OL-medaljar og like VM-medaljar i øvinga. Både i 2015 og 2017 var han med i dei tyske mannskapa som vann lagtevlinga i verdsmeisterskapen, sameleis under Vinter-OL 2018. Under Ski-VM 2019 gjekk han, i spann med Eric Frenzel, inn til gull i tomannstevlinga. I individuelle tevlingar vann Rießle ein bronse i Vinter-OL 2014 og ein sølv i Vinter-OL 2018. Frå desember 2015 til mars 2018 sigra han i 9 individuelle renn i verdscupen i kombinert.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fabian Rießle» frå , den 8. mars 2019.

Kategori:Tyske kombinertløparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015