Olav Svalastog () var ein norsk lærar og politikar frå Nissedal i Telemark, stortingsrepresentant 1945-49 for Kristeleg Folkeparti.
Svalastog tok eksamen ved Notodden lærerskole i 1917. Der etter underviste han eitt år i Vrådal og eitt år i framhaldsskulen i Treungen. Frå 1919 til 1942 var han lærar på folkeskulen i Treungen og samstundes klokkar. Han hadde odel til slektsgarden i Nissedal og dreiv denne frå 1931 til 1954.
Hausten 1945 vart Svalastog vald til stortingsmann frå Telemark, den aller fyrste Kristeleg Folkeparti-representanten frå fylket. På Stortinget var han medlem i Landbrukskomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1949, så åra 1950-54 arbeidde han i skulestova i Tveit i Åmli kommune. Etter dess var han lærar 1954-57 i Kilebygda i Solum kommune og 1957-63 på Kroken skule i Fjære i Aust-Agder. Medan han budde i Solum, var han 1955-57 medlem i heradsstyret.
Svalastog var aktiv i søndagsskulen. 1933-42 var han formann Aust-Agder søndagsskulekrins og 1942-53 i Telemark søndagsskulekrins.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Nissedal Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv