Hums of the Lovin' Spoonful er det tredje studioalbumet til folkrockbandet The Lovin' Spoonful, gjeve ut i 1966. Det nådde 14. plassen på Billboard Pop Albums-lista.

Historie Bandet prøvde å spele inn Hums i forskjellige stilartar. Dei komponerte og spelte pop, country, jugband, blues og folkemusikk. Det vart det siste fulle prosjektet til den originale besetninga i bandet. Albumet vart stort sett spelt inn i New York med unntak av «Lovin' You», som vart spelt inn i Los Angeles.Hums of the Lovin' Spoonful notat i omslaget av Dennis Diken, januar 2003.

Albumet inneheld fire hitsinglar for banet, mellom andre «Summer in the City» som gjekk heilt til topps på singellista. «Rain on the Roof», «Nashville Cats» og «Full Measure» gjekk òg inn på poplista, alle utanom den siste på topp 10. Bobby Darin fekk ein topp 40-hit med ein versjon av «Lovin' You». Johnny Cash og June Carter Cash spelte seinare inn «Darlin' Companion» i 1969 på Johnny Cash at San Quentin. Den fremste låtskrivaren John Sebastian sa om «Nashville Cats» — som nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 — «Me tenkte at versjonen vår kom til å gå over til countrymarknaden. Men det gjorde han ikkje. Så eg tenkjer det fortalte oss kva vi var og kva vi ikkje var.» Flatt & Scruggs tok «Nashville Cats» til 54. plassen på countrylista som singel. Dolly Parton spelte «Lovin' You» i 1977 på albumet hennar Here You Come Again.

Hums of the Lovin' Spoonful kom ut att i 2003 på Sundazed med bonusspor.[ Allmusic entry for Do You Believe in Magic and Hums re-release.]

Mottaking

I meldinga si for Allmusic skreiv William Ruhlman om albumet: «Albumet kan meir skildrast som ei laus samling av songar enn eit samanhengande album, sjølv om Sebastian var med å skrive alle songane og syng på dei fleste av dei. Det var meint å vere slik, sidan Sebastian og co gjekk i studio for å prøve å gjere noko forskjellig kvar gong. Dei klarte det ofte...»

Innhald

Medverkande John Sebastian – solo- (1, 2, 4, 5, 7-11) og korvokal, gitar, 12-strengsgitar, autoharpe, piano, orgel, harmonium, ocarina, pedalsteelgitar, irsk harpe Zal Yanovsky – elektrisk og akustisk gitar, kor- og solovokal (3), banjo, glidefløyte Steve Boone – elektrisk bass og kontrabass, piano, orgel, perkusjon Joe Butler – trommer, korvokal, solovokal (6), perkusjon Henry Diltz – klarinett Artie Schroeck – elektrisk piano (11) Larry Hankin – munnharpe

Teknisk Produsert av Erik Jacobsen Lydteknikar: Roy Halee Fotografi av Henry Diltz

Fotnotar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hums of the Lovin' Spoonful» frå , den 23. mars 2019.

Kategori:The Lovin' Spoonful-album Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:Kama Sutra Records-album Kategori:Album produserte av Erik Jacobsen