All-India Muslim League, kjend som Muslim League, var eit politisk parti skipa i Britisk India ved byrjinga av 1900-talet. Det dreiv ein kampanje for muslimar i kolonien, parallelt med det hindudominerte Kongresspartiet sin kamp for sjølvstyre og etter kvart sjølvstende. Kampen enda med delinga av Britisk India og danninga av Pakistan i 1947.

Etter danninga av dei to sjølvstendige landa fortsette partiet som eit mindre politisk parti i India, Indian Union Muslim League, som har vore del av fleire regjeringar. Partiet har gått gjennom fleire delingar. I Pakistan heldt det fram som Pakistan Muslim League eller berre Muslim League. I Bangladesh blei partiet gjenoppliva i 1976, men utan større støtte eller makt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «All-India Muslim League» frå , og «All India Muslim League» frå den 28. mars 2019.

Kategori:Britisk India Kategori:Tidlegare politiske parti i India Kategori:Tidlegare politiske parti i Pakistan