Pál Teleki von Szék () var ein ungarsk greve, vitskapsmann og politikar. Han var statsminister i periodane 1920–1921 og 1939–1941.
Teleki var frå 1919 professor i geografi i Budapest. I 1920 var han ungarsk utanriksminister.
Til trass for si negative haldning i høve til Nazi-Tyskland blei Teleki tvinga til å gjera visse diplomatiske og militære konsesjonar. Då Adolf Hitler kravde ungarsk assistanse ved angrepet på Jugoslavia i 1941 freista Teleki å manøvrera slik at landet ikkje blei trekt inn i storkrigen. Dette lukkast ikkje, og han tok livet sitt i fortviling over at politikken hadde slått feil. Han blei etterfølgd av László Bárdossy.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pál Teleki» frå , den 30. mars 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Budapest Kategori:Statsministrar i Ungarn