Anna Odine Strøm () er ein norsk skihoppar frå Alta, medlem i Alta Idrettsforening. Ho sikra seg to bronsemedaljar under Ski-VM 2019, begge i lagtevlingar.

Strøm tok steget opp mot verdstoppen i skihopping for kvinner i 2019-sesongen. Ho vart som best nummer 2 og 3 i verdscuprenn. Under verdsmeisterskapen 2019 i Seefeld in Tirol deltok ho på det det norske kvinnelaget som vann bronsemedaljen i lagtevlinga. Dei andre på laget var Ingebjørg Bråten, Silje Opseth og Maren Lundby. Fire dagar seinare fekk Strøm ein ny bronsemedalje, då i mikstevlinga i lag med Lundby, Robert Johansson og Andreas Stjernen. I den individuelle tevlinga vart Strøm nummer 9.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anna Odine Strøm» frå , den 31. mars 2019.

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Deltakarar under vinter-OL for ungdom 2016 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2022 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2026 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2026 Kategori:Folk frå Alta