mini|Ternitz
Ternitz er ein by og ein kommune i distriktet Neunkirchen i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 65,4 km² og i kring 14 600 ibuarar. Halvparten av ibuarane i kommunen bur i byen Ternitz, 393 meter over havet. Resten fordeler seg på byen Pottschach, 2 km sørvest om Ternitz-byen, fire landsbyar og nokre grender.
Ternitz er hovudsete for Schoeller-Bleckmann, eit industriselskap som mellom anna leverer boreutstyr til oljeindustrien. Selskapet har over 1000 tilsette.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ternitz» frå , den 31. mars 2019.
Kategori:Byar i Austerrike Kategori:Kommunar i Niederösterreich