Turn You to Love er det sjette studioalbumet til den amerikanske musikaren Terry Callier, gjeve ut i 1979. Det var det andre albumet hans for Elektra Records. Albumet har glatte arrangement, jazzaktige songar og funky rytmar og kom ut på høgda av discotida.
Sonny Burke var produsent, arrangør og dirigent på albumet. Callier spelte det meste av gitaren sjølv, me fekk hjelp frå Larry Wade, som han òg før hadde skrive mykje songar med, og Tommy Tedesco. Med på albumet var òg Motown-musikaren Randy Dunlap og ei blåserekkje med Ernie Watts og Fred Wesley. Songane varierer frå gospelfunk til rolege balladar. Eit par av songane, «Ordinary Joe» og «Occasional Rain», var nyinnspelingar av to songar han hadde gjeve ut på albumet Occasional Rain i 1972. Her er òg eit par coverlåtar, Smokey Robinson sin «Still Water (Love)» og Steely Dan sin «Do It Again».
Innhald
Medverkande
Terry Callier - vokal, gitar David T. Walker - gitar Larry Wade - gitar Wah-Wah Watson - gitar Robert White - gitar Tommy Tedesco - gitar, mandolin Earl Van Dyke - klaverinstrument Sonny Burke - klaverinstrument, synthesizer Michael Boddiker - synthesizer Keni Burke - bass James Gadson - trommer Oliver C. Brown jr. - perkusjon Ernie Watts - saksofon Bill Green - saksofon Fred Wesley - trombone Oscar Brashear - trompet Steve Madaio - trompet Arthur Mabe - valthorn Barbara Korn - valthorn Gail Levant - harpe Elizabeth Howard - korvokal James «Alibe» Sledge - korvokal Patricia Henley Talbert - korvokal
Teknisk Leiande produsent: Dr. Don Mizell Produsent og arrangør: Sonny Burke Støttande produsent: Larry Wade Lydteknikarar: Jimmy Schifflett, Laura Livingston, Roger Dollarhide, Sye Mitchell
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Terry Callier-album Kategori:Elektra Records-album