Now We Are Six er det sjette studioalbumet til det britiske folkrockbandet Steeleye Span, gjeve ut i 1974. Tittelen (lånt frå Ole Brumm-forfattaren A.A. Milne si samling av barnedikt) syner både til at dette var det sjette albumet deira, og at bandet no var blitt seks medlemmar etter at trommeslagaren Nigel Pegrum var komen med. Albumet nådde 13. plassen på den britiske albumlista.
Sjølv om to studiomusikarar hadde spelt trommer på debutplata, hadde dei nytta lite perkusjon på dei neste albuma. Men etter Parcel of Rogues tok dei valet om å tilsetje ein trommeslagar og fokusere meir på rockesida til bandet. Det er blitt sagt at stilen på dette albumet høyrest meir ut som eit rockeband som spelar folk, enn eit folkband som spelar rock. Pegrum spelte òg fløyte og obo på albumet.
Produksjon Now We Are Six vart produsert av frontmannen i Jethro Tull, Ian Anderson, sjølv om han innrømde at rolla hans på albumet var minimal, bortsett frå litt rådgjeving og at han inviterte David Bowie til å spele saksofon.http://prog.teamrock.com/news/2015-06-15/ian-anderson-reveals-folk-rock-heroes
Mottaking Albumet fekk blanda mottaking av musikkpressa. Det vart rekna som ei bra samling av tradisjonelle songar med smarte arrangement, og songen «Thomas the Rhymer», som kom ut på singel, vart av mange rekna som den ultimate Steeleye Span-songen. Eit anna høgdepunkt er «The Mooncoin Jig», der Peter Knight viser seg fram på mandolin og banjo.
Albumet fekk derimot kritikk for tre av songane på albumet. Tittelsporet er ei rekkje gåter som vert sungen av bandet med berre eit pianoakkompagnement, og «Twinkle Twinkle Little Star», den kjende barnesongen, har fått same handsaming. Oppført som «St. Eleye Primary School Junior Choir», song bandet desse songane med barnestemmer. Mange tok ikkje spøken og trudde det faktisk var eit barnekor. Namnet på koret, «St. Eleye», er basert på Steeleye.
Avslutningssporet fekk likevel mest kritikk - ein versjon av Phil Spector sin «To Know Him Is To Love Him» med David Bowie på saksofon. Mange vart overraska over at dei tok med dein rock and roll-standard, sidan Steeley Span til no stort sett berre hadde spelt tradisjonell musikk. Steeleye Span brukte derimot å spele rock and roll-songar som ekstranummer på konsertane sine, inspirert av bandet Sha Na Na som dei turnerte med på den tida. Dei spelte då songar som «Long Tall Sally», «Da Doo Ron Ron» og «To Know Him Is To Love Him».
Innhald Alle songane er tradisjonelle songar, utanom der anna er nemnt. Rekkjefølgja på songane varierer mykje frå utgåve til utgåve av albumet.
Medverkande Steeleye Span Maddy Prior - vokal Tim Hart - vokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, elektrisk dulcimer, banjo Peter Knight - vokal, fiolin, mandolin, tenorbanjo, akustisk gitar, piano Bob Johnson - vokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, synthesizer Rick Kemp - vokal, bassgitar, akustisk gitar Nigel Pegrum - trommer, tamburin, obo, blokkfløyte, fløyte, synthesizer
Gjestemusikar David Bowie - altsaksofon på «To Know Him Is To Love Him»
Produksjon Ian Anderson - produsent
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Now We Are Six» frå , den 18. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Steeleye Span-album Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios Kategori:Album produserte av Ian Anderson