Finn Helge Øglænd () er ein norsk forfattar, lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar. Han voks opp på eit småbruk ved Tananger i Sola kommune.
Øglænd har teke utdanning ved Forfattarstudiet i Bø. Han har arbeidd ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Øglænd debuterte i 1983 med diktsamlinga Det opplyste landskapet. Han er ein produktiv forfattar, og har arbeidd både som lyrikar, romanforfattar og forfattar av barne- og ungdomsbøker. Øglænd har motteke fleire litterære prisar. For ungdomsboka Dei penaste jentene på TV (2001) mottok han både Sunnmørsprisen og Skolebibliotekarforeningens litteraturpris. I 1998 blei han nominert til både Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris for ungdomsboka Fem dagar, fire netter. I 2007 blei han første mottakar av Rasmus Løland-stipendet, oppretta av Rogaland fylkeskommune.
Verkliste Det opplyste landskapet – dikt (1983) Flammande mørke – dikt (1985) Mannen utan ansikt – roman (1985) Den niande himmelen – dikt (1986) Hengt manns himmel – dikt (1987) Opp i røyk. Pusteøvingar – dikt (1988) Pariserloff – roman (1988) Exit – dikt (1989) Auge i stein – dikt (1990) Underlege gjerningar – dikt (1991) Mannen med dei grøne fingrane – barnebok (1992) Mellomrom – dikt (1992) Ei fjør i hatten og andre dikt for barn – barnebok (1993) Hjarteblod – roman (1993) Dyra i Halvferdigskogen – barnebok (1994) (illustrert av Akin Düzakin) Den nye poesi-handboka – dikt (1994) Dikt i utval – (1994) Ramle- og skramlevers – barnebok (1995) Mortifikasjon – dikt (1997) Sjelefred – roman (1998) Fem dagar, fire netter – ungdomsbok (1998) Ubotelege rørsler – dikt (1999) Vers på tvers – barnebok (1999) (illustrert av Øyvind Torseter og Saeko Matsushita) Passe hard, passe mjuk – ungdomsbok (1999) Dei penaste jentene på TV – ungdomsbok (2000) Hjartets protokollar – kortprosa (2000) Poesi er for desperados – dikt (2001) Stina på månen – barnebok (2002) (illustrert av Kristin Roskifte) Dikt mot det nødvendige – dikt (2002) Rebell – ungdomsbok (2003) Amok – noveller for ungdom (2004) Opphav – dikt (2004) Det nye dyrealfabetet – barnebok (2005) Eksil – dikt (2006) Svarte sjeler – ungdomsbok (2007) I den kalde molda brenn eit bål – dikt (2008) Lirum larum – dikt (2011) Posisjonar 2012 – dikt (2013) Ingentings barrikadar – dikt (2016) Høymolesong – dikt (2020) Leve evig som støvet – dikt (2023) Låglandssongar – dikt (2026)
Dramatikk Berre ikkje noko skjer – skodespel (1999)
Attdiktingar Livet er enkelt og greitt. Sju franske poetar i utval (1988) (saman med Rolf Enger) Eugène Guillevic: Den nærsynte horisonten (1991) (saman med Anne-Birgitte Rønning) Charles Simic: Dikt i utval (1995) Mark Strand: Svarte kart (1996) James Wright: Greina brotnar ikkje (2003) Rutger Kopland: Ei verd utanfor meg sjølv (2005) Hugo Claus: Oostakker-dikta (2007) (saman med Roald van Elswijk) Eddy van Vliet: Den framtidige tjuven (2008) (saman med Tyra Teodora Tronstad)
Prisar Sunnmørsprisen 2000, for Dei penaste jentene på TV Skolebibliotekarforeningens litteraturpris 2001, for Dei penaste jentene på TV Samlagsprisen 2005
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Forfattarar frå Rogaland Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Vinnarar av Samlagsprisen